Chargé d'affaires

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Chargé d'affaires er tittelen til to ulike kategoriar diplomatar av lågare rang, altså utsendingar til eit anna land som skal vareta heimlandet sine interesser der. Kategoriane er chargés d'affaires en pied (ministres chargés d'affaires, stasjonssjefar) og chargés d'affaires per interim (mellombels stasjonssjef), eller chargés des affaires. Uansett kategori er desse høgaste representant for sin nasjon i mottakarstaten, og har dei same privilegia og diplomatisk immunitet som andre diplomatar.

Omgrepet chargé d'affaires er fransk og betyr «ansvarleg for forretningane». Det blir uttala [ʃarʒe dafɛr]. Fleirtalsforma er chargés d'affaires.

Chargés d'affaires en pied[endre | endre wikiteksten]

Chargés d'affaires en pied (ministres chargés d'affaires, stasjonssjefar) førekjem når statane har diplomatisk samkvem, men der det av ein eller annan grunn ikkje er nokon ambassadør i mottakarstaten. Dette kan vere fordi ein ambassadør er utnemnd til fleire statar, og har fast tilhald i ein ambassade i eit av dei andre landa. Her kan då somme gongar vere eit ambassadekontor i mottakarstaten, leia av ein chargé d'affaires.

Andre gongar har dei diplomatiske forholda mellom statane vore vanskelege, og ein har latt vere å utnemne ambassadør, og latt den diplomatiske representasjonen blitt leia av ein chargé d'affaires. Dette kan både vere fordi sendarstaten ynskjer å markere misnøye ved ikkje å utnemne ambassadør, eller mottakarstaten av same grunn ikkje ynskjer å ta mot ein ambassadør. Ein av forskjellane er at ein ambassadør må levere sine akkreditiv hos statssjefen, medan ein chargé d'affaires leverer sine i mottakarstaten sitt utanriksdepartement. I somme tilfelle har ein slik tilstand mellom to statar vart i mange år.

Chargés d'affaires per interim[endre | endre wikiteksten]

Chargés d'affaires per interim er tittelen på den diplomaten som styrer den diplomatiske representasjonen mellombels når ambassadøren er fråverande, eller mellom to ambassadørar sine embetsperiodar.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]