Charlbury

Koordinatar: 51°52′N 1°29′W / 51.867°N 1.483°W / 51.867; -1.483
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Charlbury

Plassering
Charlbury is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Oxfordshire
Distrikt West Oxfordshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

2 984
Koordinatar 51°52′N 1°29′W / 51.867°N 1.483°W / 51.867; -1.483
Diverse annan informasjon
Postnummer OX7
Telefon-retningsnummer 0 1608
Nettstad: www.charlburytowncouncil.co.uk
Commons har multimedium som gjeld: Charlbury

Charlbury er ein liten by i Oxfordshire i England. Han ligg på grensa til Cotswolds, i ei åsside over elva Evenlode og ved Wychwoodskogen.

Soknekyrkja er vigd til Jomfru Maria, men det er òg ein tradisjon som assosierer ho med St. Diuma, som var den første biskopen i Mercia. Den noverande kyrkjebygningen er frå 1600-talet.

I utkanten av byen ligg Lee Place, som tidlegare høyrte til Ditchleyslekta, og som no er sommarheimen til hertugen av Marlborough. Ein annan herregard i byen er Cornbury Park frå 1600-talet. Han vart til dels teikna av Hugh May, og er eigd av Lord Rotherwick.

Rowan Williams, erkebiskop av Canterbury, har òg sommarheimen sin i Carlbury. Når han er der på søndagar heldt han gudstenesta i soknekyrkja.

Stasjonen er frå Brunel si tid, og det går tog mot blant anna Oxford, London og Hereford.

Charlbury har i nyare tid blitt kjent for Charlbury Riverside Festival, den største gratisfestivalen for rock og verdsmusikk i Oxfordshire. Han vert halden på eit offentleg område som er omkransa av Evenlode, og er kjent som Millfield fordi det tidlegare låg ei vassmølle der.

Opphavet til namnet er usikkert. Nokon relaterer det til namnet Charles, mens andre knyter det til gammalengelsk ceorl, «fri mann i lågaste klasse». Både namnet og ordet reknast for å kome frå proto-germansk *karilaz, som tyder «gammal mann». Utryggleiken har resultert i at det er to forskjellige måtar å uttale stadnamnet på, (/ˈtʃɔːl-/ eller /ˈtʃɔw-/ med IPA), og nokon meiner Chorlbury ville vore ein meir riktig skrivemåte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]