Charlesøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prince Charles Island.png
Satellittfoto av Charlesøya

Charlesøya (engelsk: Prince Charles Island) er ei stor, låglendt øy i Canada. Ho har eit flatemål på 9 521 km². Største diameteren er 235 km. Øya ligg i Foxesjøen, ved vestkysten av Baffinøya. Ho høyrer til Qikiqtaalukregionen i Nunavutterritoriet. Øya er folketom og prega av låge temperaturar.

Trass i storleiken til øya vart ho ikkje registrert før enn i 1948. Det vart ho av flygaren Albert-Ernest Tomkinson frå det kanadiske luftforsvaret. Han var på tokt i eit fly av typen Avro Lancaster. Men det er rimeleg å tru lokale inuittar har kjent til øya i lange tider.

Øya fekk namn etter den britiske tronarvingen prins Charles, som vart fødd same året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]