Charles Austin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Austin
Statsborgarskap USA
Fødd 19. desember 1967 (56 år)
Bay City
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Charles Allen Austin (fødd 19. desember 1967) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Bay City i Texas, som vart verdsmeister i høgdehopp i 1991 og olympisk meister i 1996.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Austin byrja med høgdehopp i 1986, mellom anna for å få eit idrettsstipend som sikra han plass ved universitet. Den 7. august 1991 sette han landsrekord med 2,40 m i Zürich, ein rekord som framleis gjeld, 25 år etter. Få veker etter rekordhoppet i Zürich vann han gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Tokyo etter å ha svinga seg over 2,38 m som den einaste, verdsrekordhaldaren Javier Sotomayor vart nummer to. Dei neste sesongane heldt han ikkje same høge nivå, delvis grunna skadar.

Under Sommar-OL 1996 i Atlanta sette Austin ny olympisk rekord i høgdehopp då han tok seg over 2,39 m. Våren 1997 vann han høgdetevlinga i innandørs-VM etter ar han, som den einaste, klarte å klive over 2,35 m.

Austin vart USA-meister i høgdehopp seks år på rad. Han la opp i 2003.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]