Charles Dickens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Dickens

Charles John Huffam Dickens (7. februar 18129. juni 1870) var ein engelsk forfattar. Bøkene hans naut stor popularitet i mange land verda over medan han levde og dei vert framleis lesne og mange av dei har vortne filmatiserte og laga fjernsynsdrama av.

Charles Dickens vart fødd i Portsmouth i England 1812. Då Charles var to år gammal flytta familen til London. Far hans sløste vekk alt dei eigde og familien vart utfattige og faren hamna i gjeldsfengsel. Charles, som var i 12-årsalderen, måtte hjelpe til med å tene pengar ved å arbeide lange dagar på ein skosmurningsfabrikk til familien klarte å kome seg på fote att økonomisk.

Han fekk lite skulegong, men i tenåra lærde han seg å stenografere. Det fekk han stor nytte av når han seinare vart journalist. Den fyrste romanen hans, The Pickwick Papers, kom i 1836.

I 1836 gifte Charles Dickens seg med Catherine Hogarth som han fekk ni born med. Han skilde seg frå henne på slutten av 1850-talet. Han hadde treft ei ung skodespelarinne og vorte forelska i henne. I 1870 fekk han slag og døydde, berre 58 år gammal.

Charles Dickens er gravlagd i Westminster Abbey i London.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Charles Dickens
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.