Charles Dumas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Dumas
Statsborgarskap USA
Fødd 12. februar 1937
Tulsa
Død

5. januar 2004 (66 år)
Inglewood

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 185 centimeter

Charles Everett Dumas (12. februar 19375. januar 2004) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i høgdehopp i 1956. Han var frå Tulsa i Oklahoma.

Dumas sette verdsrekord i høgdehopp då han 29. juni 1956 i Los Angeles svinga seg over 2,13 meter, tilsvarande sju engelske fot. Nesten fem månader seinare vann han den olympiske gullmedaljen under Sommar-OL 1956 i Melbourne, med ny olympisk rekord 2,12 m.

I 1959 vann Dumas høgdehopp-tevlinga under dei panamerikanske leikane i Chicago. Året etter stoppa Dumas på 2,03 m då sommarleikane 1960 fann stad i Roma, vinnaren Robert Sjavlakadze sette olympisk rekord med 2,16 m.

Dumas, som sidan arbeidde som lærar, døydde av kreft i Inglewood i California.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]