Karl Edvard Stuart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Charles Edward Stuart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Edvard Stuart
William Mosman - Prince Charles Edward Stuart, 1720 - 1788. Eldest son of Prince James Francis Edward Stuart - Google Art Project.jpg
Fødd31. desember 1720
Roma
Død31. januar 1788
Roma
Hus eller slektHuset Stuart
GravstadGrotte Vaticane
MorMaria Klementyna Sobieska
FarJames Francis Edward Stuart
EktefellePrincess Louise of Stolberg-Gedern, Clementina Walkinshaw
BarnCharlotte Stuart, Duchess of Albany

Karl Edvard Stuart (31. desember 172031. januar 1788), på engelsk Charles Edward Stuart, fullstendig namn Charles Edward Louis John Casimir Sylvester Severino Maria Stuart, òg kalla The Young Pretender men mest kjend som Bonnie Prince Charlie, var ein skotsk og engelsk tronpretendent.

Han var son av Jakob Edvard Stuart (The Old Pretender) og soneson av kong Jakob II av England og VII av Skottland.[1] Han var også sonedotterson til den siste krigarkongen av Polen, Jan III Sobieski. Kravet hans på den skotske trona blei støtta av dei såkalla jakobittane.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Karl Edvard Stuart var fødd 31. desember 1720 i Roma,[2] i Palazzo Muti, som far hans var blitt gjeven til å bu i av pave Klemens XI.

Foreldra hans var den britiske tronpretendenten Jakob Edvard Stuart (James Francis Edward Stuart James), son av den avsette kong Jakob II og VII, og Maria Clementina Sobieska, barnebarn av John III Sobieski. Han voks opp i Roma og Bologna.

I desember 1743 utnemnde far hans Karl Edvard til regent. I 1744 drog Karl Edvard til Paris for å vinna kongemakta tilbake med fransk hjelp.[1] Då ein engelsk flåte dukka opp i den engelske kanalen, gav franskmennene opp forsøket. I 1745 drog Karl Edvard åleine over til Skottland. Ein del skottar frå høglanda stilte seg på hans side, og 18. september kunne han i Edinburgh proklamera far sin som konge.

Karl Edvard Stuart i 1775

Han fekk no løfte om fransk hjelp og marsjerte med kring 5 000 menn inn i England, men måtte snart venda tilbake mot nord. 16. april 1746 leid Karl Edvard eit avgjerande nederlag i slaget ved Culloden og drog deretter runt i Skottland i under fem månader som ein flyktning, med ein pris på 30 000 pund sterling på hovudet. Til slutt forkledde Flora MacDonald han som tenestejenta si Betty Burke og smugla han i ein liten båt til øya Skye. Derfrå reiste han med den franske fregatten L'Heureux, og steig i land i Frankrike i september.

Ved freden i Aachen gjekk Frankrike med på å utvisa Karl Edvard frå landet.

Karl Edvard forsvann frå soga i fleire år, men oppheldt seg i 1750 og sannsynlegvis i 1754 i London, der han var verksam med kupplanar. Seinare forfall han til drikk og utsvevingar. I 1772 gifta han seg med Lovisa av Stolberg-Geldern var ulukkeleg og barnlaust og blei oppløyst i 1784. Han fekk ei dotter med elskarinna si Clementina Walkinshaw, Charlotte Stuart (1753-1789), som han erklærte som ektefødd i 1783.

Dei siste åra av livet levde Karl Edvard sjuk og aldra i Roma. Han døydde same stad som han var fødd, i Palazzo Muti i Roma.

Karl Edvard Stuart i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Karl Edvard Stuart fekk ei viktig stilling i jakobittisk og britisk kultur. Flukta hans til Skye er mellom anna omtalt i «The Skye Boat Song» frå 1884, og i den irske songen «Mo Ghile Mear» frå 1700-talet. Den irske folkesongen «Óró sé do bheatha abhaile» er også knytt til tronpretendenten.

Soga om opprøret hans inspirerte dei seinare romanane Waverley av Walter Scott og The Master of Ballantrae av Robert Louis Stevenson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Karl Edvard Stuart». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  2. «Charles Edward Stuart – Jacobites, Enlightenment and the Clearances – Scotland's History». Arkivert frå originalen 10. november 2015.