Charles Emil Lewenhaupt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charles Emil Lewenhaupt
Charles Emil Lewenhaupt.jpg
Fødd28. mars 1691
Stockholm
Død4. august 1743
Stockholm
Statsborgar avSverige
PartiHattpartiet
Yrkediplomat, militær, politikar
MorAmalia Wilhelmina Königsmarck
BarnCharles Emil Lewenhaupt

Charles Emil Lewenhaupt den eldre (28. mars 16914. august 1743) var ein svensk general. Han var son av greve og generalløytnant Carl Gustaf Löwenhaupt og grevinne Amalia Wilhelmina von Königsmarck. I ein alder av 16 år drog Lewenhaupt inn til nederlandsk militærteneste der han vart forfremma til kaptein i 1709. Året etter gjekk han inn i svensk teneste, der han etter kvart vart forfremma til oberstløytnant og deltok i slaget ved Gadebusch i 1712.

I 1720 gifta han seg med Beata Cronhielm etter å ha fått sonen Charles Emil Lewenhaupt den yngre (1721-1796). I 1722 vart Lewenhaupt forfremma til generalmajor. Ved ståndsriksdagen til Sverige i 1741 vart han ein faktor i avgjersla til den russisk-svenske krigen mot det russiske keisardømet. I løpet av krigen, den 20. juni 1743, vart Lewenhaupt dømt til døden på grunnlag av for dårleg utført teneste og leiing under krigen. Sjølve avrettinga vart sett til den 20. juli, men vart seinare utsett til 30. juli. Son til Lewenhaupt med same namn og ei mindre gruppe klarte derimot å frigjere han, men Lewenhaupt vart fanga om bord eit fartøy nær Stockholm i retning mot Gdańsk.

Den 4. august 1743 vart dommen gjennomført, og Lewenhaupt vart halshogd ved Norrtull i Stockholm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]