Charles Francis Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Francis Hall

Statsborgarskap USA
Fødd 1821
Rochester Sjå dette på Wikidata
Død

8. november 1871 (50 år)
Thank God Harbor Sjå dette på Wikidata

Yrke polarforskar, gravør, avisutgiver, smed, skribent
Språk engelsk
Born Anna S. Hall
Signatur
Charles Francis Hall på Commons

Charles Francis Hall (18218. november 1871) var ein amerikansk polarforskar. Hall var smed og forleggjar, men hadde ei stor interesse for Arktis, som han hadde tre ekspedisjonar til. Han døydde under den siste ekspedisjonen sin av det som kan ha vore arsenikkforgifting.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hall var fødd i Vermont. Familien hans flytta til Rochester i New Hampshire då han var gut, der han fekk arbeid som lærling hos ein smed. På 1840-talet gifta han seg og drog vestover til Cincinnati i Ohio, som han kom fram til i 1849. Der starta han eige selskap med tilverking av segl og koparstikk. Seinare byrja han å gje ut dei to små blada The Cincinnati Occasional og The Daily Press.[1]

Interesse for Arktis[endre | endre wikiteksten]

Inuittbusetnad nær Frobisher Bay, frå Hall si bok Arctic Researches and Life Among the Esquimaux frå 1865

Hall fatta Hall interesse for Arktis kring 1857, og brukte dei følgjande åra til å studera rapportane frå tidlegare polarforskarar og prøvde å få ein ekspedisjon finansiert. I 1860 la han ut på den fyrste ekspedisjonen sin (1860-1863) då han reiste ut frå New Bedford med kvalfangstfartøyet «George Henry» under kaptein Sidney O. Budington, som hadde berga Edward Belcher sitt forskingsfartøy HMS «Resolutte». Dei tok seg til Baffinøya, der «George Henry» blei nøydd til å overvintra.[1] Inuittane har fortalde for Hall om restane etter Martin Frobisher sitt gruveeventyr i Frobisher Bay på Baffinøya. Hall reiste dit for å sjå det sjølv, saman med dei nyfunne inuittvennane og guidane sine Ebierbing («Joe») og Tookoolito («Hannah»).

Hall fann òg det han tolka som bevis for at nokre medlemmer frå John Franklin si besetning kunne vera i livet. Dette blei grunnen for den andre ekspedisjonen hans (1864-1869) til Qikiqtaq, der han fann leivningar og gjenstandar frå den tapte Franklineskpedisjonen, og dessutan utførte fleire utspørjingar blant lokalbefolkninga om lagnaden til ekspedisjonen. Hall innsåg til slutt at forteljingane til inuittane og det han sjølv kunne lesa seg til, var villeiande og ikkje truverdig, då dei gav ei altfor optimistisk tolking. Han blei òg desillusjonert av inuittane gjennom oppdaginga av at mange i Franklinekspedisjonen forsettleg hadde blitt forlatne for å svelta ihel. Han kunne ikkje forstå at det kunne ha vore umogleg for lokalbefolkninga å hjelpa ei så stor gruppe som ekspedisjonen utgjorde.

Polarisekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Polaris (til høgre) og USS «Congress» ved Diskoøya på Grønland, eit xylografi or Harper's Weekly frå mai 1873.
Gravlegginga av kaptein Hall.

For den tredje polferda si blei Hall løyvd 50 000 dollar for å leia ein ekspedisjon med mål om å nå Nordpolen med fartøyet «Polaris». Besetninga på 25 personar bestod av blant anna den gamle vennen hans Budington som kaptein, George Tyson som navigatør og dessutan den tyske fysikaren og naturbiologen doktor Emil Bessels, som leiar for forskingspersonalet. Ekspedisjonen fekk problem allereie frå byrjinga då besetninga var delt opp i ulike rivaliserande fraksjonar. Hall si leiing over ekspedisjonen blei ignorert, og moralen sokk.

«Polaris» segla inn i Thank God Harbor (no Hall Bay) den 10. september 1871 for å overvintra på den grønlandske nordkysten. Same haust, då Hall vende tilbake etter ei sledereise i lag med ein inuittisk guide, blei han plutseleg sjuk etter at ha drukke ein kopp kaffi. Han kollapsa ,og veka etter leid han av oppkast og delirium. Deretter såg han ut til å bli betre, og skulda samtidig doktor Bessels og fleire andre frå besetninga for å ha forgifta han. Kort etter dette fekk han tilbake dei tidlegare symptoma, og gjekk bort 8. november 1871. Han blei transportert til land og gitt ei formell gravlegging.

Den offisielle gjennomgangen kom fram til at Hall hadde døydd av slag. I 1968 drog likevel livlegen til Hall, Dartmouth College-professoren Chauncey C. Loomis, på ein ekspedisjon til Grønland for å undersøka liket til Hall. Takka vera permafrosten var kroppen, likkledet og kleda til Hall vel bevarte. Prøvar frå bein, neglar og hår viste at han hadde fått i seg store dosar arsenikk dei siste to vekene av livet. Dette stemte godt overeins med symptoma besetningsmedlemmane hadde vitna om. Det er mogleg at Hall gav seg sjølv dei giftige dosane, ettersom arsenikk var ein vanleg del i mange kvakksalvemedisinar på denne tida. Han kan òg ha blitt drepen av nokon frå besetninga, men ingen blei skulda for å ha forårsaka døden til Hall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mowat, Farley: Ordeal by ice; the search for the Northwest Passage, McClelland and Stewart Ltd, Toronto 1973 (The Almost Eskimo), s. 336. OCLC 1391959. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hall, Charles Francis (1865). Arctic Researches and Life Among the Esquimaux. New York: Harper & Brothers
  • Hall, Thomas F. (1917). Has the North Pole Been Discovered? Boston: R.G. Badger
  • Woodman, David: Strangers among Us, McGill-Queen's University Press, Montreal 1995. ISBN 0773513485.