Charles III av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles III
Charles, Prince of Wales in 2021 (cropped) (3).jpg
Fullt namnCharles Philip Arthur George Mountbatten-Windsor
Fødd14. november 1948 (74 år)
FødestadBuckingham Palace i England i Storbritannia
MorElizabeth II av Storbritannia
FarPrins Philip, hertug av Edinburgh
EktefelleDiana Spencer (1981 - 1996)
Camilla Parker Bowles (2005 - )
BarnWilliam av Wales
Henry av Wales
HusWindsor
MedlemDet britiske kongehuset
Royal Society of Literature
Académie des sciences morales et politiques
White's
Royal Society

Charles III (fødd 14. november 1948) er konge av Storbritannia og 14 andre land i Samveldet av nasjonar: Antigua og Barbuda, Australia, Bahamas, Belize, Canada, Grenada, Jamaica, New Zealand, Papua New Guinea, Saint Kitts og Nevis, Saint Lucia, Saint Vincent og Grenadinane, Salomonøyane og Tuvalu. Han vart konge etter at mor hans, dronning Elisabeth II, døydde den 8. september 2022.[1] Han var då den eldste personen til å koma på trona i britisk historie, i ein alder av 73 år.

Familie og slektskap[endre | endre wikiteksten]

Charles og Prinsesse Anne av Storbritannia fotografert i Bergen i 1969.
Foto: Eirik Sundvor. Biletet høyrer til Trondheim byarkiv.

Charles er den eldste sonen til dronning Elisabeth II og prins Philip.[2] På same vis som faren prins Philip, høyrer han til Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.

Han var gift med prinsesse Diana frå 29. juli 1981 til dei skilde lag den 28. august 1996. Dei fekk to søner saman, prins William og prins Harry.

Den 9. april 2005 gifta Charles seg så med Camilla Parker Bowles, no dronning-gemal Camilla av Storbritannia, i ein borgarleg vigsel i rådhuset i Windsor.[3]

Heider[endre | endre wikiteksten]

I 1978 vart Charles tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tjoflot, Eirin (8. september 2022), «Storbritannias dronning Elizabeth II er død», NRK, henta 8. september 2022 
  2. «King Charles | Biography, Diana, Wife, & Age | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 8. september 2022 
  3. Oliver, Mark (9. april 2005). «Charles and Camilla wed». The Guardian. Arkivert frå originalen 22 August 2013. Henta 22. august 2013.