Charles Kingsford Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Charles Kingsford Smith
CEKSmith.jpg
Fødd 9. februar 1897
Hamilton
Død

8. november 1935
Andamanhavet

Yrke flygar
Charles Kingsford Smith på Commons


Charles Edward Kingsford Smith (fødd 9. februar 1897, død 8. november 1935) var ein kjend australsk flypioner som i siste halvdel av 1920-talet gjorde ein serie med førstegangsflyginger:

  • den fyrste flygning over Stillehavet frå USA til Australia.
  • fyrste non-stop flygning over det australske kontinent,
  • den fyrste flygning mellom Australia og New Zealand,
  • den fyrste flygning mellom Australia og USA i austleg retning.
  • Han sette òg rekord i å fly frå Australia til London på 10½ dag.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Charles Edward Kingsford Smith vaks opp som den yngste av sju sysken i ein velstående familie i Hamilton, Queensland (ein forstad til Brisbane), der faren var banksjef. For ei kort tid budde familien i Vancouver, Canada.

Tilbake i Australia vart han innskrive ved ein teknisk skule i Sydney der han studerte elektrofag. 16 år gammal vart han tilsett som lærling ved eit sukkerraffineri og deretter vart han innrullert i dei australske militære styrkane, kor han gjorde tenste som motorsykkelordonans før han vart overførd til flyvåpenet og vart utdanna som flyver i 1917.

Etter å ha vorte demobilisert i 1919 og utan å finna noka stilling der han kunne dra nytte av sina røynsler som flyver, gjorde han som så mange andre demobiliserte flyvere, han kjøpte eit fly frå overskotlagera til hæren og freista å livnæra seg ved å tilby rundflygningar og «barnstorming» fyrst i England, seinare USA, før han returnerte til Australia i 1921. Òg her heldt fram han med rundflyvningar og barnstorming. Ei tid flaug han ei luftpostrute før han byrja å planleggja rekordflyvning over Stillehavet.

Stillehavsflygning i 1928[endre | endre wikiteksten]

Southern Cross ved ein australsk flybase nær Canberra in 1943.

Saman med Charles Ulm, som seinare skulle verta hans avløysarpilot, reiste Kingsford Smith til USA for å leita opp eit fly som kunne oppfylla deira krav om ein stillehavsmaskin. Den berømte australske polaroppdager og polarflygar, Sir Hubert Wilkins, hadde ein Fokker F.VII/3m som dei kjøpte og utstyrde. Den fekk namnet Southern Cross. Den 31. mai 1928 om morgonen letta Kingsford Smith med sin besetning frå Oakland i California for å gjennomføra den første flygning over Stillehavet frå USA til Australia. Turen var planlagd i tre etappar, først frå Oakland til Hawaii, ei strekning på 3 800 km, tok 27 timar og 25 minutt og gjekk utan problem. Dei flaug så til Suva, Fiji 4 800 km, det tok 34 timar og 30 minutt. Detta var den meste krevande del, sidan dei måtte fly gjennom massive tordenbyger nær Ekvator. Så hald turen fram til Brisbane på 20 timar, der dei landa den 9. juni etter ca. 11 800 km total utfløyet distanse. Ved tilkoma vart dei møtt av 25 000 menneske. Kingsford Smith, Charles Ulm og dei andre to besetningsmedlemmar, to amerikanarar som hadde vore hyret på som telegrafist/navigatør og flymaskinist vart hylla som heltar.

Over Tasmanhavet 1928[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha gjennomførd den fyrste non-stop flygning over Australia frå Point Cook nær Melbourne til Perth, i Vest-Australia i august 1928 etablerte, Kingsford Smith og Charles Ulm i 1929 eit flyselskap, Australian National Airways. Selskapet fekk ei kort levetid. Det byrja med flygninger i 1930 og vart oppløyst allereie i 1931 etter at to av dei fem flya havarerte.

Med det nye selskapet gjennomførde dei flygningar frå Australia til New Zealand over Tasmanhavet. Dei ynskte å gjera dette, ikkje berre fordi det aldri hadde med hell var gjennomførd tidlegare, men òg i vona om at den australske regjeringa ville tildela det nye selskapet, Australian National Airways, ein subsidiert kontrakt på postflgningar.

Turen over Tasmanhavet var berekna til 14 timar, og for å koma Christchurch, den viktigaste byen på Sørøya på New Zealand, i morgontimane valde han å fly om natta. Distansen, 2 600 km var berre lite over halve distansen mellom Hawaii og Fiji. Ved tilkoma i Christchurch hadde 3 000 menneskje møtt fram og skuleborna hadde fått fri for dagen. Evenementet vart òg kringkasta med ei direkte sending frå landinga.

Returen til Sydney vart gjord frå Blenheim, ein mindre by nord på Sørøya. Forseinkingar på grunn av tåke og dårleg vêr førde til at returen til Richmond tok over 23 timar, og etter landing viste det seg at det var berre bensin i gjen for 10 minutts flyging.

Australian National Airways[endre | endre wikiteksten]

Nødlanding[endre | endre wikiteksten]

Den 31. mars 1929, undervegs frå Sydney til England, måtte Kingsford Smith med Southern Cross gjera ein nødlanding i Kimberly i Vest-Australia. Southern Cross vart funne og Kingsford Smith og hans besetning redda etter to vekers søk.

Seinare flyvninger[endre | endre wikiteksten]

  • I 1930, gjennomførde han ein ny tur i kappløpet England til Australia, flaug solo og vann.
  • I 1931 kjøpte han ein Avro Avian som han gav namnet Southern Cross Minor for å delta i kappløpet Australia til England. Han selde flyet seinare og den nye eigaren havarerte i Sahara i april 1933.
  • I 1933 flaug han den fyrste kommersielle flygningen mellom Australia og New Zealand.
  • I 1934 kjøpte han ein Lockheed Altair som fekk namnet Lady Southern Cross i det føremålet å delta på nytt i kappløpet Australia – England (MacRobertson Air Race). Han var ikkje istand til å starta og i staden flaug han Lady Southern Cross frå Australia til USA, som ein flyvning i austleg retning over Stillehavet.

Siste flukt[endre | endre wikiteksten]

Kingsford Smith med co-pilot Tommy Pethybridge flaug Lady Southern Cross frå Allahabad i India til Singapore i eit forsøk på å setja ny England – Australia rekord då dei forsvann over Andamansjøen tidleg om morgonen 8. november 1935. 18 månader seinare fann burmesiske fiskarar deler av understellet med eit intakt hjul som hadde vorte vaska i land på ei øy i Andamansjøen. Det vart stadfesta at delane stamma frå Lady Southern Cross.

I 2009 kunne eit filmteam frå Sydney stadfesta at dei var 100 % sikre på at dei hadde funne Lady Southern Cross og Charles Kingsford Smiths siste kvilestad i Andamansjøen.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kingsford Smith vart i 1932 utnemnt til Knight Bachelor og med det adla for sit bidrag til luftfarten. Han fekk då rett til å føra tiltaleformen sir føre namnet sit. Han vart post mortem utnemnd til brigadegeneral i det australske flyvåpen.

The Kingsford Smith Memorial, Brisbane, som husar Southern Cross

Kingsford Smith er vorte mint på andre ulike vis:

  • Sydneys hovudflyplass, Kingsford Smith internasjonale lufthamn, ber hans namn.
  • Likeeins heiter området rundt flyplassen for Kingsford Smith.
  • Eit av QANTAS, Airbus A380 er oppkalla til hans ære.
  • Eit av hans fly, Southern Cross, er verna og er stilt ut i ein eigen, spesielt bygd hangar på Brisbane lufthamn.
  • Fleire gater og skular i australske byar ber hans namn.
  • Han er vorte avbilda på australske pengesedler.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]