Charles Moore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charles Moore
Charles-Moore-1952.jpg
Statsborgarskap USA
Fødd 12. august 1929
Coatesville
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Charles Hewes Moore (fødd 12. august 1929) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar og næringslivsleiar frå Coatsville i delstaten Pennsylvania. Under Sommar-OL 1952 vann han 400 meter hekk på tida 50,8 sekundar og ein sølvmedalje med USA i 4 x 400 m stafett.

Moore vart nordamerikansk studentmeister (NCAA) på 440-yard i 1949 og 220-yard hekk i 1952. Frå 1949 til 1952 vann han samtlege fire tevlingar på 400 meter hekk under AAU-meisterskapen.

Den 21. juli 1952 vann Charles H. Moore gullmedaljen på 400 meter hekk og sette samstundes olympisk og personleg rekord med tida 50,8 sekundar. Han sprang også tredjeetappen for USA sitt lag i 4 x 400 m stafett der USA måtte nøye seg med sølvmedaljane, slått med eitt tidels sekund av Jamaica som sette verdsrekord med tida 3.03,9

Moore og sovjet-russaren Jurij Litujev skal ha vore dei fyrste som nytta seg av 13 steg mellom hekkane på 400 meter hekk i tevlingar, før 1950-åra brukte ein alltid 15-steg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]