Charles Tjessem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Tjessem

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mai 1971 (52 år)
Sandnes kommune
Yrke kjøkkensjef, kokk
Charles Tjessem på Commons

Charles Tjessem (fødd 1972) er ein norsk meisterkokk frå Sandnes.

Charles Tjessem starta som kokk ved Statoil-kantinaForus. Han vart deretter leiar ved Gastronomisk Institutt i Stavanger. I perioden 2000-2004 var han kaptein på det norske kokkelandslaget. I 2005 starta han sin eigen restaurant i Sandnes med namnet Charles og De.

Tjessem vart vald til årets kjøkkensjef i Noreg i 2002. Han var den norske representanten i Bocuse d’Or i 2003 der han vann gull. Hovudingrediensane i gullmåltidet var indrefilet av storfe, oksehalar og norsk fjordaure. I 2003 blei han gjeven «Bragdprisen» av Rogaland fylkeskommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]