Charles W. Patchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charles W. Patchell
Fødd 1861
Død

18. august 1943

Charles W. Patchell på Commons

Charles Watson Patchell (186118. august 1943) var ein skotsk lærar og fjellklivar som ofte ferierte i Noreg frå 1880-åra til 1939. Han var fyrstemann til topps på ei rad norske fjell, særleg i Sunnmørsalpane.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Patchell underviste ved det som i dag heiter Glenalmond College frå 1892 til 1923, der han underviste i språkfaga gresk, latin og engelsk. Den privateigde internatskulen ligg i regionen Perth and Kinross.

I dei lange sommarferiane reiste ungkaren Patchell ofte til Noreg, der han la ut på fotturar og kleiv i fjella. Sommaren 1887 møtte han den norske fjellføraren Johannes VigdalEidsbugarden. Gjennom mange år gjekk så dei to på turar i lag, mellom anna var dei 20 gongar på Jostedalsbreen. Fleire av fjellferdene var pionerturar. I 1895 klatra dei to til topps på Søre Dyrhaugstind, året etter tok dei seg fobi Halls hammer på Skagastølsryggen.

Patchell fekk høyre om Sunnmørsalpane i 1888, og det var til dette området han seinare oftast la sine sommarturar. Han var til topps på Kviteggja i 1890. I 1892 besøkte han fjordbygda Øye i dåverande Hjørundfjord kommune, og det då eittårgamle Hotel Union for fyrste gong. Fram til 1914 og utbrotet av fyrste verdskrigen, var han så å seie årleg innom hotellet på Øye.

I tida frå 1894 til 1908 stod Patchell for 14 fyrstebestigningar på Sunnmøre. Han var på Romedalstinden, Blåtindane, Randerstoppen, Mohnstoppen og Ytstenestinden, Jakta, Risenosa, Litjehornet, Brunstadhornet, Nøre Smørskredtinden og Nøvedalstinden.

Etter Patchell pensjonerte seg i 1923 reiste han årleg til Sunnmøre. Han vart nærast ein liten institusjon i bygda på Øyelandet, kom kvar vår straks før 17. mai. På sjølve nasjonaldagen vart Patchelleikane avvikla med premiar til deltakarane. I 1927 vart Patchellhytta reist i fjelldalen Habbostaddalen, delfinansiert av Patchell. Denne turisthytta, som er eigd av Ålesund-Sunnmøre Turistforeining, var i bruk til ei ny og større hytte vart reist i nærleiken i 1964. Seinare er den eldste Patchellhytta restaurert.

Patchell var medlem av Alpine Club i London og av Scottish Mountaineering Club. I 1932 vart han utnemnd til medlem av Norsk Tindeklub, heidersmedlem i Ålesund-Sunnmøre Turistforeining var han frå 1935. Ved utbrotet av andre verdskrigen reiste han heim for siste gong.

Ein bautastein til minne om Patchell vart reist i 1948 ved Riksveg 655, lengst framme på garden Øye.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jakob E. Øye: «C. W. Patchell» i Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 8 - 1986.
  • «Charles Watson Patchell» i Sunnmøre: Fra Tare til tind. Årbok 2003 for Den Norske Turistforening.