Charles de Gaulle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles de Gaulle

Fødd22. november 1890
Lille
Død9. november 1970 (79 år)
Statsborgar avFrankrike
Yrkestatsmann, memoarforfattar, militærteoretiker, offiser, politikar
Utdanna vedÉcole spéciale militaire de Saint-Cyr
Collège Stanislas de Paris
École supérieure de guerre
MorJeanne Maillot
FarHenri de Gaulle
EktefelleYvonne de Gaulle
BarnAnne de Gaulle, Philippe de Gaulle, Élisabeth de Gaulle
MedlemOrdre Nouveau
Alle verv
  • Frankrikes president (1959–1969)
  • statsminister (1958–1959)
  • president i Frankrikes provisoriske regjering (1944–1946)
  • fransk samfyrste av Andorra (1944–1946)
  • fransk samfyrste av Andorra (1959–1969)
  • president (De frie franske styrker, 1940–1944)
  • Frankrikes forsvarsminister (1958–1959) Sjå dette på Wikidata

Charles André Joseph Marie de Gaulle (22. november 18909. november 1970) var ein fransk politikar og offiser. Han var regjeringssjef 1944–1946 og president 1959–1969.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Charles de Gaulle vart fødd i Lille nord i Frankrike, voks opp i ein katolsk heim, og vart offiser i 1912. Under fyrste verdskrigen var han tysk krigsfange i fleire år. Etter krigen arbeidde han som lærar på militære skular. Han vart kjend for sitt arbeid innan stridsvogntaktikk.

I 1939 erklærte Frankrike krig mot Tyskland, og den andre verdskrigen starta. Under den tyske aksjonen i Frankrike våren 1940 opplevde de Gaulle ein viss suksess som general. Etter at marskalk Pétain bad om våpenkvile med tyskarar, flykta de Gaulle til London.

Fransk leiar[endre | endre wikiteksten]

Den 18. juni 1940 tala han i BBC sine franskspråklege sendingar, og stilte seg i spissen for det han kalla eit fritt Frankrike. Han mana landsmenne sine til å halda fram kampen: «Uansett kva som skjer, må ikkje den franske motstandskampens eld sløkkja.» Han etablerte seg etter kvart som leiar for franskmennene i eksil, i opposisjon til Vichy-regimet i Vichy sør i Frankrike. Paris og den nordlege delen av landet var under tysk militær administrasjon. Mot slutten av krigen deltok han i den allierte invasjonen av Frankrike, og i august 1944 kunne han paradera på Champs-Elysées.

Den fjerde republikken hadde svak presidentmakt, og de Gaulle gjekk av i 1946, men danna partiet RPF (Rassemblement du peuple français) med krav om ei grunnlovsendring for å utvida presidenten sine fullmakter. I 1953 tok de Gaulle pause frå partiarbeidet for å skriva si livsskildring. Han budde då i Colombey-les-Deux-Églises. Åra som fylgde, kalla han ei ørkenvandring, åra utan politisk innflyting.

I 1958 rasa den algeriske borgarkrigen for fullt, og Frankrike kunne korkje nedkjempa dei algirske styrkane eller slutta fred med dei. I denne situasjonen overtok den franske hærleiinga makta i Algerie. Opprøret såg ut til å kunna spreia seg til Frankrike. I denne situasjonen utarbeidde de Gaulle ei ny forfatning til den femte republikken, og i januar 1959 vart han president med særskilde fullmakter til å løysa krisa. Utetter framstod han som ein president som med stor kraft skulle kjempa for eit fransk Algerie. I løynd innleia han forhandlinger med den algirske motstandsrørsla, FLN. I mars 1959 uttala de Gaulle: «Den franske hæren kjem aldri til å forlata dette landet, og eg kjem aldri til å forhandla med desse personane frå Kairo og Tunis». I vanskelege situasjonar kunne han gå mot parlamentsfleirtalet ved å nytta unntakslover eller utlysa folkerøysting. Ei folkerøysting i januar 1961 gav han frie hender til å gje Algerie sjølvstende. Algerie fekk sjølvstende trass i protestar frå den franske hæren. I april 1961 prøvde generalane i Algerie å styrte de Gaulle, men oppreisten mislukkast.

I 1960 sprengde Frankrike ei atombombe i Algerie, og i 1968 ei hydrogenbombe. I 1965 sende Frankrike opp ein satellitt. Charles de Gaulle anerkjende Folkerepublikken Kina i 1964 trass i at USA ikkje ynskte det. Han vart attvald som president i 1965 etter å ha sigra over François Mitterrand. Den gaullistiske utanrikspolitikken hadde som mål å gje Frankrike ei viktig stilling, og då særleg i høve til Storbritannia og USA. Venskap med Konrad Adenauer var viktig for den fransk-tyske forsoninga og for etableringa av samarbeidet som utvikla seg til EU. For de Gaulle var det tydeleg at britisk medlemskap i EEC ville truga den fransk-tyske balansen, og under ei pressekonferanse den 14. januar 1964 la han ned veto mot britisk medlemskap. Frankrike gjekk ut av NATO sitt militære samarbeid i 1966.

Avgang[endre | endre wikiteksten]

Dei omfattande streikane og uroa i mai 1968 overraska de Gaulle. Ei folkerøysting i april 1969 handla i røynda om kor mykje folket sette lit til han. 53 prosent røysta nei, Etter folkerøystinga gjekk de Gaulle av som president. Han trekte seg attende til Colombey-les-deux-Églises, der han døydde i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Charles de Gaulle