Charlie Hodge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charlie Hodge
Fødd14. desember 1934(1934-12-14)
FødestadDecatur i Alabama i USA
Død3. mars 2006 (71 år)
DødsstadKnoxville i Tennessee i USA
FødenamnCharles Franklin Hodge
OpphavUSA
Aktiv1954–2006
Instrumentgitar, vokal
Verka somSongar, gitarist, pianist, skodespelar

Charles Franklin Hodge (14. desember 19343. mars 2006), betre kjend som Charlie Hodge, var ein USA-amerikansk songar, songlærar og musikar som var ein ven av Elvis Presley.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hodge byrja musikkarrieren sin i gospelkvartetten The Path Finders, med Bill Gaither, og seinare i The Foggy River Boys. Han møtte først Presley i 1955, då Presley kom bak scenen etter dei hadde spelt i Memphis i Tennessee. Dei to hamna på rekruttskulen i lag i 1958 og vart vener, og songaren vart så ein del av følgjet til Presley, som berre vart kalla «Memphis Mafia». Han song harmonivokal med Elvis og gav han vatn og handklede på scenen. Hodge var den einaste mannlege songaren som spelte inn ein duett med Elvis, i 1960 på songen «I Will Be Home Again». Det var Hodge som rådde Presley til å bruke James Burton som sologitarist, då Presley byrja å spele konsertar igjen i slutten av 1960-åra.

Hodge budde i 17 år i heimen til Elvis i Memphis i Tennessee, Graceland, og hadde òg rom i dei andre husa Elvis hadde andre stader i landet. Hodge vart ofte rekna som den snillaste i Memphis Mafia og tenkte alltid først på Presley.

Hodge fortsette å arbeide med arva etter Elvis i åra etter Elvis døydde, mellom anna med Elvis-imitatorar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]