Charlie McCoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charlie McCoy
Charlie McCoy03.JPG
Fødd28. mars 1941 (78 år)
FødestadOak Hill
FødenamnCharles Ray McCoy
OpphavOak Hill, West Virginia, United States
Aktiv1961 til i dag
SjangerCountry
Instrumentvokal, munnspel, gitar, bassgitar, trommer
Tilknytte artistarBob Dylan, Area Code 615, Barefoot Jerry, Elvis Presley, Johnny Cash
PlateselskapMonument, Step One, Koch
Verka somSongar, musikar

Charles Ray «Charlie» McCoy (fødd 28. mars 1941 i Oak Hill i West Virginia) er ein amerikansk studiomusikar kjend for å kunne spele fleire instrument. McCoy har spelt med mange kjende musikarar som Bob Dylan, Johnny Cash, Tom Astor, Elvis Presley, Chet Atkins og Ween. Han har òg spelt inn 37 studioalbum, inkludert fjorten for Monument Records. Tretten av singlane hans har nådd Billboard country-lista. Han var medlem av Area Code 615 og Barefoot Jerry.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Familien til McCoy flytta til nær Fayetteville der han vaks opp, og seinare i Miami. 8 år gammal byrja han å spele munnspel og gitar, og i tenåra lærte han seg å spele bass og trompet. På vidaregåande skule i Miami vart han flinkare og valte å bli musikar. Han vart med i eit lokalt rock and roll-band som gitarist og songar. Då han var 16 vart han motvillig med ein ven til eit country-show i Miami kalla «Old South Jamboree». Då dei kom dit forlet venen han i publikum og gjekk for å snakke med Happy Harold, som leia showet, for å få lurt McCoy opp på scenen for å syngje. McCoy vart så godt motteken av publikum at han og bandet hans fekk kontrakt med Old South Jamboree. Bandet hans bestod av Donny Lytle, seinare kjend som Johnny Paycheck på bass; Bill Johnson på steelgitar; Charlie Justice på gitar og Bill Phillips på vokal. På denne tida deltok bandet i ein rock and roll-konkurranse, og vann førsteprisen. Etter ein invitasjon frå Mel Tillis, drog den 18 år gamle McCoy til Nashville for ei veke i 1959. Medan han var i Nashville vitja han mange produsentar og plateselskap, utan hell. Han drog attende til Miami og byrja å studere på Miami University. Målet hans no var å bli lærar. Samstundeds fortsette han å spele på «Jamboree». Då tilsette ved Miami oppdaga at han spelte rock and roll til dans åtvara dei han mot å spele slik «lågare form for musikk». McCoy svarte at han ville slutte med musikken om dei gav han eit stipendium, men dei avslo dette.[1]

McCoy søkte stillinga som gitarist i bandet til John Ferguson, men då han kom til Nashville hadde Vance Bullock alt fått jobben. Etter ein kort prat vart McCoy med i bandet som trommeslagar i staden. McCoy kjøpte eit trommesett og vart med i bandet. Bandet til John Ferguson gjorde det dårleg og vart etter kort tid oppløyst.[1] Etter ein månad utan jobb, vart han med Stonewall Jackson som trommeslagar. Jobben vart avslutta hausten det året, d han fekk ein telefon om at Archie Bleyer frå Cadence Records hadde lytta til lydband av McCoy og ønskte å signere ein kontrakt. McCoy spelte inn den første singelen sin, «Cherry Berry Wine», for Cadence. Denne nådde 99. plassen på Billboard-lista. McCoy vart så med i bandet til Wayne Moss som bassist og spelte i Fort Campbell i Kentucky.[2]

Chet Atkins høyrde ein av demoane til McCoy og hyrte han kort tid etter i mai 1961. Den første innspelinga hans som munnspelspelar var på songen «I Just Don't Understand» av Ann-Margret for RCA.[3] Fred Foster for Monument Records hadde òg høyrt om McCoy og fekk han med på munnspel på Roy Orbison-songen «Candy Man». Singelen selde over ein million. McCoy fekk rykte som munnspelspelar og vart meir ettersurt som studiomusikar. McCoy fortsette å spele inn for Monumen utan å ha ein skriftleg kontrakt. Somme av singlane og albuma hans selde dårleg på den tida, men Foster trudde på musikken til McCoy.[2] Tex Davis, marknadsføringssjefen til Monument Records, vart overtydd av Charlie Dillard frå WPFA om å gje ut «Today I Started Loving You Again» som singel. Denne hadde tidlegare vore gjeve ut på det andre albumet til McCOy. Då singelen kom ut i 1972, selde han 750 000 eksemplar.[4] Singelen nådde 16. plassen på Billboard country-lista.[5] For det neste albumet, The Real McCoy, vann han ein Grammy frå National Academy of Recording Arts and Sciences. Albumet hans Good Time Charlie nådde førsteplassen i Billboard country-lista. I 1970-åra tok McCoy del i meir enn 400 innspelingar i året, som studiomusikar.[4] Han har vunne to CMA-prisar og sju ACM-prisar.

McCoy spelte munnspel for mange artistar, som Elvis Presley, Perry Como, Joan Baez, Steve Miller Band, Johnny Cash, Buffy Sainte-Marie, Kris Kristofferson, Paul Simon, Ringo Starr, Barefoot Jerry, Gene Summers In Nashville og Ween.[5] Han spelte òg gitar på Dylan sin «Desolation Row» frå albumet Highway 61 Revisited og «Sad Eyed Lady of the Lowlands» frå albumet Blonde on Blonde, bassgitar (på alle songar frå Bob Dylan-albumet John Wesley Harding,) klaverinstrument og trommer pluss fleire blåseintrument. I 19 år arbeidde McCoy som musikalsk leiar for det populære TV-showet Hee Haw og var medlem av Million Dollar Band.

I 2009 vart McCoy innlemma i Country Music Hall of Fame i lag med Roy Clark og Barbara Mandrell. Han er òg medlem av International Musicians' Hall of Fame og West Virginia Music Hall of Fame. I mai 2016 gav West Virginia University McCoy ein æresdoktorgrad i musikk.

McCoy har to barn med den første kona si og fem barnebarn. Alle barnebarna har medverka på albuma hans på ein eller anna måte. Det andre barnebarnet laga omslaget til tre av albuma hans og song på eit av julealbuma hans. Det eldste barnebarnet spelte fløyte og song på eit par av albuma hans. Alle av dei tre yngste har sunge på eit av albuma hans, og det same har sonen Charlie jr. og dottera Ginger.

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Fjernsynsframferder som artist[endre | endre wikiteksten]

  • Hee Haw
  • Music City Tonight
  • Nashville Now
  • CMA Awards Show
  • Arthritis Telethon
  • The Mike Douglas Show
  • The Midnight Special
  • The Colgate Country Showdown
  • That Good Old Nashville Music
  • Pop Goes The Country
  • New Country
  • The Orange Blossom Special
  • The Hee Haw Honeys
  • The Johnny Cash Show
  • Prime Time Country
  • Nashville Swing Canada
  • The Val Doonican Show England
  • The West Virginia Music Hall Of Fame Awards Show 2008

Fjernsynsshow som musikalsk leiar[endre | endre wikiteksten]

  • Hee Haw
  • The Colgate Country Showdown
  • The Nashville Palace
  • The Hee Haw Honeys
  • The Hee Haw 10th Anniversary Show
  • The Hee Haw 20th Anniversary Show
  • Happy New Year From Opryland
  • The Charlie Daniels Christmas Special
  • The Mickey Gilley Arthritis Telethon
  • Tootsie’s, Where the Songs Began
  • Country Gold
  • The International Musikars Hall Of Fame Awards Show 2008

[6] [7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album (ufullstendig)[endre | endre wikiteksten]

År Album US Country US Selskap
1967 The World of Charlie McCoy Monument
1972 The Real McCoy 2 98
Charlie McCoy 7 120
1973 Good Time Charlie 1 155
The Fastest Harp in the South 2 213
1974 The Nashville Hit Man 13
Christmas with Charlie
1975 Charlie My Boy 36
Harpin' the Blues 34
1976 Play It Again Charlie 48
1977 Country Cookin MG 7612'
Stone Fox Chase
1978 Greatest Hits
1979 Appalachian Fever
1988 13th Step One
1989 Beam Me Up Charlie
1992 Appalachian Fever
1995 American Roots Koch

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Song Lister Album
US Country US
[8]
CAN Country
1961 «Cherry Berry Wine» 99 single only
1972 «Today I Started Loving You Again» 16 13 The Real McCoy
«I'm So Lonesome I Could Cry» 23 21 Charlie McCoy
«I Really Don't Want to Know» 19 19
1973 «Orange Blossom Special» 26 101 24 Good Time Charlie
«Shenandoah» 33 37
«Release Me» 33 55 Fastest Harp in the South
1974 «Silver Threads and Golden Needles» 68 The Nashville Hit Man
«Boogie Woogie» (med Barefoot Jerry) 22 24
«I Can't Help It»
«Blue Christmas» Christmas with Charlie
1975 «Everybody Stand Up and Holler for the Union» Charlie My Boy
«Juke»
«Pots and Pans» Play It Again Charlie
«Columbus Stockade Blues» Harpin' the Blues
1976 «Wabash Cannonball» 97 Play It Again Charlie
1977 «Summit Ridge Drive» (med Barefoot Jerry) 98
«Amazing Grace» Country Cookin'
«Foggy River»
1978 «Fair and Tender Ladies» 30 35 Appalachian Fever
«Drifting Lovers» 96
1979 «Midnight Flyer» 94
«Ramblin' Music Man» 94
1981 «Until the Nights» (med Laney Smallwood) 94 singles only
1983 «The State of Our Union» (med Laney Smallwood som Laney Hicks) 74
1989 «I'm So Lonesome I Could Cry» (nyinnspeling) 13th
1990 «One O'Clock Jump»

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Kosser, Michael (2006), How Nashville Became Music City U.S.A: 50 Years of Music Row, Hal Leonard Corp., ISBN 978-0634098062

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Billboard 21 desember 1974, His Monumental Ten Years by Bill Williams, Nielsen Business Media, page 39
  2. 2,0 2,1 Billboard 21 desember 1974, His Monumental Ten Years by Bill Williams, Nielsen Business Media, page 41
  3. Kosser, s.  101.
  4. 4,0 4,1 Billboard 21 desember 1974, His Monumental Ten Years by Bill Williams, Nielsen Business Media, page 44
  5. 5,0 5,1 Ankeny, Jason. «Charlie McCoy biography». Allmusic. Henta 2008-12-15. 
  6. [1] Arkivert 31. juli 2010 på Wayback Machine.
  7. «Charlie McCoy». IMDb.com. Henta 2015-09-08. 
  8. Whitburn, Joel (2011). Top Pop Singles 1955–2010. Record Research, Inc. s. 584. ISBN 0-89820-188-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]