Charlie Miller
|
Miller for Gold Coast United i 2010 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Charles Miller | ||
| Fødselsdato | 18. mars 1976 (50 år) | ||
| Fødestad | Glasgow | ||
| Posisjon | Midtbanespelar | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1985–1991 | Rangers SABC[1] | ||
| 1991–1994 | Rangers | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1993–1999 | Rangers | 81 | (10) |
| 1999 | → Leicester City (lån) | 4 | (0) |
| 1999–2000 | Watford | 14 | (0) |
| 2000–2004 | Dundee United | 118 | (17) |
| 2004–2006 | SK Brann | 52 | (14) |
| 2007–2008 | Lierse | 33 | (12) |
| 2008–2009 | Brisbane Roar | 30 | (8) |
| 2009–2010 | Gold Coast United | 12 | (1) |
| 2011 | Clyde | 5 | (0) |
| Totalt | 351 | (62) | |
| Landslag | |||
| 1994–1996 | Skottland U21[2] | 8 | (1) |
| 2001 | Skottland | 1 | (0) |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Charles David Copeland Miller, (fødd 18. mars 1976 i Glasgow), best kjent som Charlie Miller, er ein skotsk fotballspelar. Han spelte i den norske eliteserien for Brann.
Miller vart i yngre år rekna blant dei mest talentfulle spelarane i Skottland. Allereie som 17-åring i 1993 debuterte han for storklubben Rangers. Han fekk med seg fire seriemeisterskap der, men han klarde aldri å etablera seg hundre prosent på laget. Han vart mellom anna kritisert for at hans utanomsportslege livsstil øydela for full satsing på fotball.
Etter korte opphald i dei engelske klubbane Leicester og Watford gjekk turen attende til Skottland og Dundee United i 2000. Der var det tydeleg at han fekk gløden attende. Han fekk òg sin einaste landskamp for Skottland i 2001.
Sommaren 2004 valde Miller å gå til Brann, til tross for at han kunne heldt fram å spela i Dundee United. Men han sleit med å etablera seg på laget, og var innbytar då Brann vann cupfinalen same år.
I 2005-sesongen spelte Miller stort sett fast på Brann, og vart ein av Brann sine store profilar, til trass for at han vart flytta rundt i dei fleste offensive posisjonane på banen. I 2006-sesongen spelte Miller stort sett på høgrekanten på Brann sin midtbane, sjølv om han har gitt uttrykk for at han helst vil ha andre roller i laget.
Etter at 2006-sesongen var slutt vart det klart at Miller var ferdig i klubben, og han har fleire gonger sjølv gitt uttrykk for at han ynskjer å avslutta karrieren heime i Skottland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «SABC continue to create stars for the future». Youth Football Scotland. 6 November 2013. Arkivert frå originalen 2020-09-19. Henta 9 December 2017.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ «Scotland U21 profile». Fitbastats.com. Henta 9 December 2017.