Charlotte Amalie på Dei amerikanske Jomfruøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charlotte Amalie
by
View of St. Thomas.jpg
Charlotte Amalie
Folketal 18 481 (2010)
Wikimedia Commons: Charlotte Amalie

Charlotte Amalie er hovudstaden i Dei amerikanske Jomfruøyane og ligg på øya Saint Thomas. Han hadde i 2004 eit innbyggjartal på 19 000. Byen er ein viktig hamneby og eit turistsenter. Av næringar finst handverk og tilverking av rom. Byen har ein synagoge frå 1833 og fleire kyrkjer, den eldste frå 1846.

Charlotte Amalie vart grunnlagd i 1672 som dansk koloni og vart oppkalla etter Charlotte Amalie av Danmark og Noreg. Han var ein del av Dansk Vestindia fram til 1917. Byen heitte Saint Thomas mellom 1921 og 1936.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]