Charlotte MacLeod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charlotte MacLeod
Fødenamn Charlotte Matilda MacLeod
Pseudonym Alisa Craig
Statsborgarskap Canada, USA
Fødd 12. november 1922
New Brunswick
Død

14. januar 2005 (82 år)
Lewiston

Yrke romanforfattar, barnebokforfattar

Charlotte MacLeod (12. november 192214. januar 2005) var ein kanadisk-amerikansk krimforfattar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Charlotte Matilda MacLeod blei fødd i Bath i New Brunswick i Canada 1922. Familien emigrerte til USA i 1923, og MacLeod blei amerikansk statsborgar i 1951.[1] Ho studerte ved Art Institute of Boston. På slutten av 1940- og byringa av 1950-talet arbeidde ho som PR-skribent for Stop & Shop Supermarkets i Boston. Seinare fekk ho ei stilling ved reklameselskapet N. H. Miller & Company, der ho enda opp som administrerande direktør. Ho blei pensjonert i 1982.[2]

Medan ho arbeidde i reklameselskapet på dagtid, byrja MacLeod også å skriva krim. Ho gav ut over 30 bøker. Mange av dei føregår i New England, mellom anna ein serie med professoren Peter Shandy i hovudrolla, og ein anna i Beacon Hill i Boston i Massachusetts med paret Sarah Kelling og Max Bittersohn. Ho gav også ut krimbøker med handling frå Canada under psevdonymet Alisa Craig (Ailsa Craig er namnet på ei skotsk øy og eit kjent laukslag).

MacLeod skreiv bøker som passa inn i sjangeren kosekrim, det vil seia utan for mykje vald, gørr eller sex og skrivne i ein humoristisk og lett stil med likande heltar og eksentriske persongalleri.[3]

Bøkene hennar blei selde i over ein million eksemplar i USA, Canada og Japan. MacLeod var med på å grunnleggja American Crime Writers League som ho ei tid var leiar for.[2] Ho vann ein Nero-pris for The Corpse in Oozak's Pond i 1987,[4] og blei også nominert til ein Edgar-pris.[5]

MacLeod byrja skriva klokka 6 om morgonen, og brukte ettermiddagen til å redigera.[2] Ho byrja berre å skriva nye bøker på sundagar. Når ho skreiv pleidde ho å sitja i badekåpe slik at ho ikkje skulle fristast til å forlata huset for å gjera eit ærend.[2]

MacLeod levde dei siste åra av livet i Maine. Ho utvikla etterkvart Alzheimers sjukdom. 4. januar 2005 døydde ho på ein sjukeheim i Lewiston i Maine.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Som Charlotte MacLeod[endre | endre wikiteksten]

Med Prof. Peter Shandy frå Balaclava Agricultural College & Helen Marsh Shandy, D.L.S.
  • Rest You Merry (1979) [Revised and expanded from a short story, which became the opening chapter]
  • The Luck Runs Out (1981)
  • Wrack and Rune (1982)
  • Something the Cat Dragged In (1984)
  • The Curse of the Giant Hogweed (1985)
  • The Corpse in Oozak's Pond (1987)
  • Vane Pursuit (1989)
  • An Owl Too Many (1991)
  • Something in the Water (1994)
  • Exit the Milkman (1996)
Med Sarah Kelling (Bittersohn) og/eller kunstdetektiven Max Bittersohn
  • The Family Vault (1980)
  • The Withdrawing Room (1981)
  • The Palace Guard (1982)
  • The Bilbao Looking Glass (1983)
  • The Convivial Codfish (1984)
  • The Plain Old Man (1985)
  • The Recycled Citizen (1988)
  • The Silver Ghost (1988)
  • The Gladstone Bag (1989)
  • The Resurrection Man (1992)
  • The Odd Job (1995)
  • The Balloon Man (1998)
Bøker utanfor seriar
  • Mystery of the White Knight (1964)
  • Next Door to Danger (1965)
  • The Fat Lady's Ghost (1968)
  • Mouse's Vineyard (1968)
  • Ask Me No Questions (1971)
  • Brass Pounder (1971)
  • King Devil (1978)
  • We Dare Not Go A Hunting (1980)
  • Cirak's Daughter (1982)
  • Maid of Honor (1984)
  • Grab Bag (1987) (noveller, inkludert to med Bittersohn & Kelling og ei med Peter Shandy)
  • It Was an Awful Shame and Other Stories (2002) (noveller; opptrykk av Grab Bag med tre ekstra forteljingar)
Brev
  • Charlotte MacLeod Remembered: Letters from Charlotte (collection)[6]
Som redaktør for antologiar
  • Christmas Stalkings
  • Mistletoe Mysteries
Sakprosa

Som Alisa Craig[endre | endre wikiteksten]

Med Madoc Rhys frå Royal Canadian Mounted Police & Janet Wadman Rhys
  • A Pint of Murder (1980)
  • Murder Goes Mumming (1981)
  • A Dismal Thing to Do (1986)
  • Trouble in the Brasses (1989)
  • The Wrong Rite (1992)
Med Dittany Henbit Monk frå Lobelia Falls Grub-and-Stakers Gardening & Roving Club
  • The Grub-and-Stakers Move a Mountain (1981)
  • The Grub-and-Stakers Quilt a Bee (1985)
  • The Grub-and-Stakers Pinch a Poke (1988)
  • The Grub-and-Stakers Spin a Yarn (1990)
  • The Grub-and-Stakers House a Haunt (1993)
Utanfor seria
  • The Terrible Tide (1985)
  • Poems of Faith (1989)

Prisar og nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Charlotte (Matilda) MacLeod (1922-2005) Biography». Brief Biographies. Net Industries. Henta 27. juli 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Oliver, Myrna (19. januar 2005). «Charlotte MacLeod, 82; Author of 'Cozy' Mysteries, Juvenile Books». Los Angeles Times. s. B9. Henta February 13, 2011. 
  3. Lindsay, Elizabeth Blakesley (2007). Great Women Mystery Writers. Westport, CT: Greenwood Press. s. 153. ISBN 978-0-313-33428-3. 
  4. «The Nero Award Winners—Chronological». The Wolfe Pack. The Wolfe Pack. 8. desember 2018. Henta 27. juli 2019. 
  5. «The Edgars Database». Mystery Writers of America. Arkivert frå originalen 31. juli 2020. Henta 27. juli 2019. 
  6. «Charlotte MacLeod Remembered: Letters from Charlotte». Robert John Guttke. Henta February 13, 2011. 
  7. «History of Guests of Honor and Anthony Award Winners». Bouchercon World Mystery Convention. Anthony Boucher Memorial World Mystery Convention. Arkivert frå originalen 13. juli 2014. Henta 3. april 2012. 
  8. 8,0 8,1 «Anthony Awards Nominees: 2011». Bouchercon World Mystery Convention. Anthony Boucher Memorial World Mystery Convention. 2 October 2003. Arkivert frå originalen 7 February 2012. Henta 3 April 2012.