Charlottenberg
Charlottenberg | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
Tidssone | Sentraleuropeisk tid, UTC+01:00, UTC+2 | ||||
Folketal | 2,536 (31. desember 2019) | ||||
Plassering | |||||
![]() Charlottenberg | |||||
Charlottenberg er ein svensk tettstad og administrasjonssenter i Eda kommun i Värmlands län. Charlottenberg ligg vest i landskapet Värmland, 6 kilometer frå grensa til Noreg.
Namnet kjem av Charlotta Larsson, kona til Lars Daniel Larsson. Han grunnla eit jernverk der i 1827.[1]
Charlottenberg har òg ein jernbanestasjon som ligg på Värmlandsbanan. Både toga mellom Stockholm og Oslo og toga mellom Karlstad–Oslo stoppar i Charlottenberg. Grensehandelen er viktig for Charlottenberg sidan prisane på norsk side er monaleg høgare på mange varer, derimellom mat og alkoholhaldige drikevarar. I løpet av det første tiåret på 2000-talet har det blitt bygd eit større kjøpesenter, Charlottenbergs Shoppingcenter, med Systembolag for å dekke etterspurnaden frå nordmenn.
Sjåverde[endre | endre wikiteksten]
Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]
Folketalsutviklinga i Charlottenberg 1960-2010[2] | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innb. | Areal | ||
1960 | 1 680 | |||
1965 | 1 767 | |||
1970 | 1 942 | |||
1975 | 2 077 | |||
1980 | 2 062 | |||
1990 | 2 273 | 246 | ||
1995 | 2 099 | 247 | ||
2000 | 1 994 | 252 | ||
2005 | 2 048 | 252 | ||
2010 | 2 215 | 259 | ||
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ http://web.archive.org/web/20110610050636/http://www.eda.se/UserFiles/Archive/1142/Charlottenberg/3-utst-planb3-historia.pdf
- ↑ «Statistiska centralbyrån - Folkmängd i tätorter 1960-2005». Arkivert frå originalen (PDF) 23 juni 2011. Henta 13 december 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
