Charlottenborg i Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charlottenborg sett frå Kongens Nytorv
Foto: Mahlum

Charlottenborg er ein bygning ved Kongens Nytorv i sentrale København i Danmark. Her ligg mellom anna Det Kongelige Danske Kunstakademi.

Den eldste delen av Charlottenborg stammar frå slutten av 1670-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hagen bak Gyldenløves palé, det noverande Charlottenborg på Kongens Nytorv. Ein kan sjå Ulrik Frederik Gyldenløve med fjørpryda hatt midt i bildet.[1] Måleri av Jacob Coning frå 1694.
Charlottenborg i 1870-åra. Frå J.P. Trap: Kongeriget Danmark 2. utgåve 1879

Charlottenborg blei oppført for Ulrik Frederik Gyldenløve i åra 1672-1683 og var ein av dei første større bygningane som blei oppførte ved Kongens Nytorv, som då var nytt. Bygningen var i tillegg eun av dei første barokkbygningane som blei bygga i Danmark.[2]

Kunstakademiet[endre | endre wikiteksten]

Det danske Kunstakademiet blei formelt oppretta i 1754 og overtok ein stor del av Charlottenborg. I 1787 blei paléet endeleg overdratt til akademiet som eigedom, og brukt av dei til våre dagar, bortsett frå i ein periode etter brannen i København i 1795, då fleire institusjonar flytta inn midlertidig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charlottenborg frå Den Store Danske
  2. ARKITEKTUREN FRA 1660 - CA. 1754, Charlottenborg fra Dansk Arkitektur Center (besøkt 27. juni 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Charlottenborg i Danmark

Koordinatar: 55°40′48.7″N 12°35′13″E