Chat Noir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inngangen til Chat Noir

Chat Noir (fransk for 'svart katt', uttalt «sjanåar») er eit kabaret- og revyteater i Klingenberggata 5 i Oslo sentrum.

Framfor inngangen til Chat Noir, som ligg i Olav V's gate, står det ein karakteristisk statue av Leif Juster kalla Gledespreder'n, laga av skulptøren Nina Sundbye og reist i 1996.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Frå Chat Noir-revyen i 1955.

Chat Noir vart opphavleg skipa i 1912 som kabaret-teater av songaren Bokken Lasson og skribenten Vilhelm Dybwad, og hadde då tilhald i andre høgda i restauranten i den tidlegare Tivolihagen, som i si tid låg i dette same stroket av Oslo (Kristiania). Namnet fekk teateret etter Le Chat Noir, ein kafé og kunstnarkabaret på Montmartre i Paris som eksisterte i åra 1881 til 1887. I 1919 flytta Chat Noir til til Brødrene Hals' konsertlokale i andra høgda i Brødrene Hals' Pianofabrikk som låg i Stortingsgata 26, og vart etter dette kalla Chat Noir Teater. Frå 1927 til 1937 hadde teateret tilhald i Tivoli Teater i Tivolihagen, og deretter i dei lokala dei no har i Klingenberggata 5.

Teateret vart sterkt skada i ein brann i 1963, men vart rehabilitert, og opna att i 1964. Frå 1971 leigde Oslo kommune teateret, og scenen vart nytta til ulike revyar, musikalar og teaterframsyningar. Ei tid i 1973 var teateret biscene for Nationaltheatret. På 1980-talet hadde Dag Frøland og Dizzie Tunes revyar her. Frå 1996 vart Chat Noir eit privat teater att, og har frå 1990-talet hovudsakleg vore ei scene for musikalar, show og barneteater.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]