Chathamøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Chathamøyane.

Chathamøyane (engelsk Chatham Islands, moriori Rekohu, maori Wharekauri) er ei vulkansk øygruppe i Stillehavet som tilhøyrer New Zealand. Øyane ligg 800 km aust for ChristchurchSørøya. Om lag 650 menneske bur på øyane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei to største øyane er busette; Chatham Island og Pitt Island. Resten av øyane er South East Island, Mangere, Little Mangere, Star Keys, The Sisters og The Forty-Fours. Alle øyane har alternative namn på maori og moriori. Det høgaste punktet på Chathamøyane er om lag 294 meter høgt og ligg på hovudøya. Øyane har ei anna tidssone enn resten av New Zealand; dei ligg 45 minutt framfor moderlandet. Naturen på øyane er unik, og inneheld fleire endemiske artar av både planter og fuglar.

Jordbruksidyll frå Chathamøyane
Foto: Ville Miettinen

Historie[endre | endre wikiteksten]

Moriorifolket[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor etter polynesiske stammer som busette seg på øyane rundt 1500 e.Kr. Av di øyane ligg så avsides til, utvikla desse menneska seg til eit eige folk, nemleg moriori-folket. Tidlegare trudde forskarane at morioriane kom frå nordlegare polynesiske øyar. Men etter lingvistiske studie, er den rådande teorien no at moriori-folket opphavleg var maoriar på vandring frå New Zealand. Moriori-folket var eit fredeleg jeger- og samlarfolk som levde mykje av fiske.

Europeisk oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Den 29. november 1791 la HMS «Chatham» til ved hovudøya. Kaptein William R. Broughton erklærte øyane for britisk eigedom og kalla dei opp etter ein britisk jarl, John Pitt, 2nd Earl of Chatham. Enno blir øyane stundom kalla for Broughtonøyane.[1] I dei nærmaste tiåra tok britane til med fiske og kvalfangst i området, men gav opp kvalfangsten rundt 1861. Ein reknar med at rundt 10-20 % av moriori-folket døydde av sjukdommar som dei kvite førte med seg.

Massakren av morioriane[endre | endre wikiteksten]

Uoffisielt flagg for øyane.

Den 19. november 1835 kom eit britisk leigeskip til Chathamøyane med over 500 væpna maoriar. Maoriane gjekk i land på øyane, drap omsynslaust alle morioriane dei såg og busette seg deretter på øyane som herskarar. Etter dette vart det forbode for dei få gjenlevande morioriane å gifta seg med andre morioriar. Nokre tyske misjonærar kom i 1843, og dei tok morioriar til koner. Dagens morioriar kan difor spora slekta si tilbake til dei tyske misjonærane.

Under New Zealand[endre | endre wikiteksten]

Chathamøyane vart formelt underlagt New Zealand i 1842. Staten New Zealand ser i dag på morioriane som urfolket på Rekohu, men også dei invaderande maoriane har fått urfolkstatus ettersom dei no har butt på øyane i over 160 år. Trass i historia til dei to folkegruppene har spenninga blitt noko redusert ettersom forskarane no meiner at moriorifolket opphavleg var maoriar frå New Zealand. 64 % av øybuarane i dag identifiserer seg som maoriar eller morioriar, medan 75 % identifiserer seg som europearar eller newzealendarar.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Øyfolket lever i stor grad av jordbruk, sauehald og fiske. Her finst fleire barneskular, godt utbygt vegnett og flyplass på hovudøya. Hit kjem det fly frå Christchurch, Auckland og Wellington. Øyane har nokså høg grad av sjølvstyre, med eit lokalt regjeringssystem. I lokalvalet i 2010 var det heile 71,3 % av øyfolket som stemte; dette var det høgaste talet av alle valkrinsane på New Zealand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]