Chatham House

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chatham House

Inngangen til Chatham House
Skipa1920 (alder 103–104)
HovudkontorSt. James Square 10, London
Omsetjing24 444 000 britisk pund (2021) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar9 634 000 britisk pund (2021) Sjå dette på Wikidata
Tilsette193 (2021) Sjå dette på Wikidata
Medlemmer3000+
Nettstadhttp://www.chathamhouse.org

Chatham House, eigentleg Royal Institute of International Affairs ('Kongeleg institutt for internasjonale spøsmål'), er ein ideell, ikkje-statleg organisasjon med sete i London. Han har som føremål å analysere og fremje forståing av viktige internasjonale og dagsaktuelle spørsmål. Instituttet har namn etter bygningen det er basert i, eit verna hus frå 1700-talet ved St. James's Square. Bygget vart delvis utforma av Henry Flitcroft. Tre britiske statsministrar har butt der, mellom anna William Pitt den eldre, den første jarlen av Chatham.

Chatham House er opphavet til den såkalla «Chatham House-regelen». Dette er ein anonymitetsregel som sier at deltakarar ved møter og seminar i Chatham House fritt kan diskutere informasjon frå slike møte, men dei skal ikkje seie kven dei fekk opplysingane frå eller kva gruppe dei tilhøyrde. Regelen er utvikla for å gjere det lett å vere ærleg og seie kva ein verkeleg meiner om ei sak eller eit spørsmål om kontroversielle eller upopulære tema som vert diskuterte. Alle skal få tale fritt utan fare for å verte siterte utanfor huset. Trass denne regelen er dei fleste møte på Chatham House opne for innsyn.

I 2015 Global Go To Think Tanks Report utforma av University of Pennsylvania vart Chatham House rangert som den andre mest innflytnadsrike tankesmia i verda, etter Brookings Institution, og den mest innflytnadsrike i verda utanfor USA.[1] Også bladet Foreign Policy rangerte det som den mest innflytnadsrike tankesmia i verda utanfor USA i 2009.[2]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Lionel Curtis, ein av gunnleggarane av Chatham House.

Chatham House vart grunnlagd gjennom eit møte skipa av Lionel Curtis for dei amerikanske og britiske utsendingane til fredskonferansen i Paris i 1919. Møtet vart halde den 30. mai 1919. Curtis hadde lenge oppfordra til vitskaplege studiar av internasjonale tilhøve, og tala etter fredskonferansen for at ekspert-analyse og debatt burde fortsetja vidare i form av eit internasjonalt institutt.[3]

Det enda med at dei britiske og amerikanske utsendingane skipa ulike institutt. Amerikanarane skipa Council on Foreign Relations i New York. Britane skipa det som då vart kalla The British Institute of International Affairs, og heldt det første møtet 5. juli 1920. Lord Robert Cecil, tidlegare utanriksminister Viscount Edward Grey, Arthur J. Balfour og John R. Clynes vart dei første presidentane for instituttet. Curtis og G. M. Gathorne–Hardy vart utnemnde til æres-sekretærar.[4]

I 1922, etter at medlemstalet hadde gått opp og instituttet trengde meir plass, vart det gjeve bygningen Chatham House i gåve av kanadiske R.W. Leonard.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. University of Pennsylvania The 2015 Global Go To Think Tanks Ranking, 3. debruar 2016
  2. McGann, James (1. februar 2009). «Foreign Policy: The Think Tank Index». Foreign Policy. Arkivert frå originalen 7. januar 2010. Henta 1. februar 2009. 
  3. Carrington 2004, s. 47.
  4. Carrington 2004, s. 48.
  5. Carrington 2004, s. 50.