Chatoyans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tigerauge
Tigerauge

Chatoyans eller kattaugeskimmer er eit lysfenomen som ein kan sjå i einskilde smykkesteinar. Det minnar om den lysande streken i eit kattauge: kattaugeeffekt. Det opptrer i gjennomskinelege steinar med små parallelle fibrar eller kanalar. Lyseffekten kjem særleg fram på rundslipt og polert overflate (cabochon), og kan spesielt sjåast i krysoberyll, men er velkjent òg hos falkauge og tigerauge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]