Chaudhri Rahmat Ali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chaudhri Rahmat Ali
Fødd 16. november 1895
Balachaur
Død

12. februar 1951
Cambridge

Yrke politikar
Chaudhri Rahmat Ali på Commons

Chaudhri Rahmat Ali (16. november 189712. februar 1951) var ein muslimsk tenkjar og advokat frå Britisk India og ein tidleg forkjempar for opprettinga av Pakistan. Han fann på sjølve namnet Pakistan, som ein kombinasjon av namna på provinsane muslimane ønskte å få til sitt eige land.

Chaudhri eller Choudhary Rahmat Ali blei fødd i Balachaur i Hoshiarpur distrikt i Panjab. Etter skulegang i Jalandhar studerte juss i Lahore. I 1930 reiste han til England for å studera ved Universitetet i Cambridge. Han oppnådde gradene BA i 1933 og MA i 1940, og i 1943 fekk han advokatløyve. I tillegg til Cambridge studerte han også i Dublin.

28. januar 1933 kom Rahmat Ali med eit framlegg om å oppretta eigne muslimske statar i utgjevinga Now or Never ('No eller aldri') . I tillegg til Pakstan (seinare Pakistan) for dei 30 millionar muslimane nordvest i landet føreslo han også eit «Bang-i-Islam» for muslimar i Bengal og eit «Usmanistan» for muslimar i Hyderabad og Deccan. På denne tida grunnla han også Pakistan National Movement med hovudkvarter i Cambridge.

Etter grunnlegginga av Pakistan i 1947 vitja han landet i 1948, men levde likevel dei siste åra sine i England. Han fortsette å kjempa for indiske muslimar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]