Cheddar i Somerset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cheddar
Land  England
Region South West England
Folketal 5 755
Kart
Cheddar i Somerset
51°16′43″N 2°46′40″W / 51.2785°N 2.7777°W / 51.2785; -2.7777
Wikimedia Commons: Cheddar

Cheddar er ein stor landsby og ein civil parish i distriktet Sedgemoor i det engelske grevskapet Somerset i England. Landsbyen ligg på den sørlege kanten av Mendip Hills, 14 kilometer nordvest for Wells. Civil parishet inkluderer òg landsbyane Nyland og Bradley Cross. Cheddar som har sitt ege parish council, hadde 5 755 innbyggarar i 2011 og eit areal på 34,77 kvadratkilometer (8592 acre eller 3477 hektar).

Gjelet Cheddar Gorge ligg nord for landsbyen og omfattar fleire grotter, mellom anna Gough's Cave. Gjelet har vore sentralt for lokal folkesetnad sidan yngre steinalder, og omfattar mellom anna eit angelsaksisk slott. Gjelet har eit temperert klima og eit unikt geologisk og biologisk miljø med fleire offisiell Sites of Special Scientific Interest.[1] Det finst også fleire historiske steinbrot for kalkstein her.

Namnet «Cheddar» kjem frå gammalengelsk ceodor, som tyder 'djup mørk hole' eller 'lomme'.[2] Landsbyen har gjeve namn til ostetypen cheddar.[3] Han har også vore eit senter for jordbærdyrking. Denne avlinga blei tidlegare frakta med Cheddar Valley-linja, ei jernbanelinje som blei stengd seint på 1960-talet og no er ein sykkelsti. I dag er landsbyen ein turistattraksjon med fleire senter for vitjande, mellm anna Cheddar Show Caves Museum.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cheddar Gorge and Caves». Bristol-link. Arkivert frå originalen 6. mars 2019. Henta 31. januar 2011. 
  2. Atthill, Robin (1976). Mendip: A new study. Newton Abbott: David & Charles. s. 75. ISBN 0-7153-7297-1. 
  3. Chisholm, Hugh, red. (1911). «Cheddar». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 6 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 21. 
  4. «Plan your day». Cheddar Gorge and Caves. Henta 25 November 2018.