Chellsie Memmel
Chellsie Memmel | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 23. juni 1988 (36 år) West Allis |
Idrett | turn |
Tok del i | Sommar-OL 2008 |
Chellsie Marie Memmel (fødd 23. juni 1988) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar som i 2005 vart verdsmeister i mangekamp. Under Turn-VM 2003 vann ho VM-gull i skranke og med det USA-amerikanske mannskapet i lagtevlinga. Perioden 2003-08 vann ho elles tre VM-sølv eitt OL-sølv.
I Turn-VM 2003 på heimebane i Anaheim sikra Memmel, saman med mellom andre Carly Patterson, gull til arrangørlandet i lagtevlinga. Memmel og ei landskvinne, Holly Vise, delte så fyrsteplassen i skranke. To år seinare sigra Memmel i mangekampen då Turn-VM 2005 vart avvikla i Melbourne, lagkamerat Nastia Liukin vart nummer 2. På øvingane bom og skranke vann Liukin gull, med Memmel på sølvplass i begge. Begge to var også med då USA vann sølv i lagtevlinga ved Turn-VM 2006 i Århus, Kinas lag stakk av med sigeren. Også under Sommar-OL 2008 i Beijing vann Kina lagtevlinga framom USA og Memmel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chellsie Memmel» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2023.