Hopp til innhald

Chelmsford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen Chelmsford i England. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Chelmsford (fleirtyding).
Chelmsford
by
Chelmsford's Shire Hall
Land  England
Region Essex
Distrikt Chelmsford
Areal 25,7 km²
Folketal 115 369 (2016)[1]
Postnummer CM1,CM2,CM3
Retningsnummer 01245
Kart
Chelmsford
51°44′10″N 0°28′47″E / 51.7361°N 0.4798°E / 51.7361; 0.4798
Wikimedia Commons: Chelmsford

Chelmsford er administrasjonsbyen i grevskapet Essex i England. Byen ligg omkring 48 km nordaust for London, midtvegs mellom hovudstaden og Colchester. Chelmsford ligg nesten nøyaktig i midten av Essex, og det er antakeleg dette som er årsaka til at han er administrasjonsby sjølv om byen korkje er den største eller den eldste byen i grevskapet. Han er også administrasjonssenter for distriktet Chelmsford, som dekker eit større område.

Byen er sete for Chelmsford bispedømme, som har Englands nest minste katedral (ei kyrkje som blei oppgradert til katedral), og heimby for Anglia polytekniske universitet.

I 1199 sørgde biskopen av London for at Chelmsford fekk ein kongeleg rett til å halde marknad; dermed fekk han bystatus. Den eldste busettinga i området går mykje lenger tilbake; under forstaden Springfield har ein funne spor etter busetting frå bronsealderen. Byen var også tilhaldsstad for romarane, og restar etter eit tempel frå den tida er funne.

Sidan 1800-talet har byen vore eit viktig industrisenter, og blant anna blei den fyrste elektroingeniørbedrifta i Storbritannia (1878) og den fyrste kulelagerfabrikken (1898) oppretta der. I 1898 blei også den fyrste radiofabrikken i verda opna i Chelmsford, av Guglielmo Marconi. Dei fyrste offentlege radiosendarane i Storbritannia blei sendt ut frå byen i 1920, og i 1922 blei dei fyrste underhaldningssendingane på radio sendt frå forskingssenteret til Marconi i Writtle utanfor byen.

Under andre verdskrigen blei Chelmsford angripe fleire gonger. Den verste enkelthendinga fann stad 19. desember 1944, da ein V2-rakett trefte byen i nærleiken av Hoffmans kulelagerfabrikk. 39 blei drepne og 138 skada, mens fleire bygningar blei totaløydelagt og mange skada.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Chelmsford