Chelone
Chelone | ||
|
||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Eudicotyledonae | |
Orden: | Lamiales | |
Familie: | Plantaginaceae | |
Slekt: | Chelone | |
Vitskapleg namn | ||
Chelone |
Chelone eller skjoldblomslekta (alt. duehovudslekta) (eng. turtlehead ) er ei slekt med 4 artar[1] av fleirårige, urteaktige plantar i maskeblomfamilien som veks naturleg i austre del av Nord-Amerika.[1][2] Dei har opprett vekst og motsette, heile blad. Alle artane har alle ilk form på blomsten som kan variere i farge frå kvit til raud, purpur eller lilla.[1] C. cuthbertii, C. glabra og C. lyonii er diploide og C. obliqua er anten tetraploid eller hexaploid.[1] Blomstrane er samla i endestilte blomsterstandar. Dei einskilde blomstrane er 5-tallige og sterkt uregelmessige med samanvokste, oppblåste kroner. Fruktene er todelte kaplsar med mange frø.
Etymologi[endre | endre wikiteksten]
Sidan dei har alle ilk form på blomsten har gitt namn som duehovud på nordiske språk sidan blomsten skal likne på eit hovudet til ei due. På engelsk er namnet turtlehead av det blomsten liknar på hovudet (head) på ei skjelpadde (turtle).
Slektskap til andre plantar[endre | endre wikiteksten]
Dei næraste slektene til Chelone er Chionophila og Nothochelone frå det vestlege Nord-Amerika.[1] Den er òg nærare i slekt med Collinsia enn andre slekter i maskeblomfamilien enn slekter som Antirrhinum, Plantago, and Digitalis.[3]
Artar[endre | endre wikiteksten]
- Chelone glabra har størst utbreiing av artane i slekta: frå Georgia til Newfoundland og frå Mississippi til Manitoba;[4] medan dei andre tre finst i meir avgrensa område.
- Chelone lyonii finn ein i Blue Ridge i Tennessee, North Carolina og South Carolina.[1]
- Chelone cuthbertii finn ein i to område: Blue Ridge i North Carolina og coastal plain i Virginia.[1]
- Chelone obliqua finn ein som tetraploid i Blue Ridge, eller hexaploid i to område: Tennessee til Arkansas og Michigan, eller Atlantic coastal plain frå South Carolina til Maryland.[1]
Slektskapen mellom dei ulike populasjonane er komplisert og det ser ut til at C. obliqua faktisk har oppstått fleire gongar frå diploide forfedre av dei andre tre artane..[1] Dei fire artane ser ut til å ha skilt lag ganske nyleg.[1]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Allan D. Nelson and Wayne J. Elisens (1999). «Polyploid evolution and biogeography in Chelone (Scrophulariaceae): morphological and isozyme evidence». American Journal of Botany (Botanical Society of America) 86 (10): 1487–1501. JSTOR 2656929. PMID 10523288. doi:10.2307/2656929.
- ↑ «Chelone L.». http://plants.usda.gov/java/profile?symbol=CHELO.
- ↑ Olmstead, R. G., dePamphilis, C. W., Wolfe, A. D., Young, N. D., Elisons, W. J. & Reeves P. A. (2001). «Disintegration of the Scrophulariaceae». American Journal of Botany (Botanical Society of America) 88 (2): 348–361. JSTOR 2657024. PMID 11222255. doi:10.2307/2657024.
- ↑ «Chelone glabra». PLANTS. http://plants.usda.gov/java/profile?symbol=CHGL2.