Chelsea i London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chelsea
bydel
Kings Road SW3.jpg
Land Flag of the United Kingdom (3-5).svg Storbritannia
Region Stor-London
Distrikt Kensington and Chelsea

Chelsea
51°29′15″ N 0°10′6″ W
Wikimedia Commons: Chelsea, London

Chelsea er eit velståande område i sørvestlege London, laust definert som området rundt Kings Road.[1] Området Chelsea blir rekna som Sloane Square i den eine enden av Kings Road og puben World's End i den andre, elva Themsen i sør, og ein stad mellom Kings Road og Fulham Road mot sør, elva Westbourne mot aust og Counter's Creek mot vest. Området tilhøyrer bydelen Kensington and Chelsea. Etter folketeljinga av 2011 hadde området ei befolkning på 41 440 innbyggarar.[2]

Fotballklubben Chelsea FC har heimebane på stadion Stamford Bridge i nabolaget Fulham som vart opna i 1877, og som fotballklubben har nytta sidan 1905.[3]

Årsaka til at Chelsea er velhavande og rik er grunna dei høge eigedomsprisane som historisk har resultert at omgrepet «Sloane Ranger» har vorte nytta for å beskriva innbyggarane. Sidan 2011 har Channel 4 sende eit realityshow kalla Made in Chelsea, og som har dokumentert liva til velståande unge menneske som bur der. Chelsea er òg staden der eit av dei største samfunna med amerikanarar utanfor USA bur. Om lag 6,53 prosent av innbyggarane i Chelsea er fødde i USA.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kings Road har namn etter kong Karl II av England, og vart etablert som den private vegen hans mellom St. James's Palace og Fulham. Denne vegen vart halden ved like fram til Georg IV si regjeringstid.

Forfattaren Thomas More budde i Chelsea, og delar av huset hans er bevart. Fleire minne etter han finst i presteseminaret Allen Hall, som ligg rett bak huset til Thomas More, blir mellom anna brukt av prestestudentane til Oslo katolske bispedømme. More vart halshogge, og delar av han er gravlagd ved den lokale kyrkja.

Den mest kjende bygningen er Chelsea Royal Hospital, eit sjukehus for invalidiserte soldatar som vart opna av Karl II, truleg etter at Nell Gwynne oppfordra han til det. Bygningen er teikna av Christopher Wren. Militærforlegningen Chelsea Barracks har i nyare tid vorte gjord om til eit kjøpesenter. Eit anna militært anlegg i Chelsea er National Army Museum, som tar for seg historia til den britiske hæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mayor of London (2008): «Map 5G.1 - Central Activities Zone», London Plan. Greater London Authority. Arkivert fra originalen den 28. mai 2014.
  2. Cremorne, Stanley, Royal Hospital, Redcliffe and Hans town wards 2011
  3. Chelsea Stadium: Stamford Bridge Stadium History
  4. «Born Abroad Data», BBC News