Cherisse Osei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cherisse Osei
Cherisse Osei by myb777 photography (6).jpg
Fødd23. desember 1986 (34 år)
OpphavStorbritannia
Verka somtrommeslagar

Cherisse Osei (fødd 23. desember 1986) er ein engelsk trommespelar.[1][2][3] Ho er best kjend som medlem av gruppa Simple Minds, men har også spelt med fleire andre grupper og musikarar, som The Faders, Paloma Faith, Bryan Ferry, Kelly Jones og Mika.[4][5] I 2018 vann Osei fyrsteprisen i kategorien Live Session Drummer i ei avstemming for musikkbladet Rhythm.[6] Som medlem i The Faders opptredde Osei i serien Veronica Mars, med namnet Cherrise Amma Loren Ofosu-Osei i deltakarlista.[7][8] Ho har nemnd John Bonham, Sheila E., Steve Gadd, Levon Helm, Tony Williams og James Gadson som påverknadar.[9]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Då Osei voks opp var ho interessert i å bli skodespelar eller dansar, men forelda si musikkinteresse gjorde at ho høyrde «funk, jazz, hip hop og soul», og utvikla si eiga musikkinteresse.[9] Då ho var fem fekk ho eit «rosa Mikke Mus-trommesett» av onkelen sin. Sjølv om dette var den fyrste smaken hennar på tromming, fekk det berre tyding seinare då ho som ellevåring fekk høve til å vera med i ein trommeklubb på skulen og deretter byrja spela fast.[9] Då ho var 12 byrja Osei å spela i band.[9] Då ho var 15 fekk Osei ein jobb i den lokale platebutikken i Wembley, noko ho har sagt introduserte henne for trommeslagarar ho såg opp til.[9]

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Osei opptrer med Simple Minds i 2017.
Osei i 2018.

Osei var trommespelar for The Faders frå 2004 til og med 2006. Gruppa skreiv kontrakt med Polydor og gav ut singlane No Sleep Tonight og Jump, som nådde høvesvis 13. og 21. plassen på dne britiske topplista.[10] The Faders opptredde på Veronica Mars, og musikken deira var med på lydsporet til serien.[7][11]

Frå 2006 til og med 2012 spelte Osei trommer på Mika sine studioinnspelingar og turnear.[12] Samarbeidet med Mika førte til opptredenar på Good Morning America, The Tonight Show with Jay Leno, Jimmy Kimmel Live, South by South West, Coachella Valley Music and Arts Festival, Fuji Rock Festival, Glastonbury Festival og V Festival.[13] I denne tida spelte ho trommer ved Paralympics 2008 i i Beijing under avsluttingsseremonien, i eit spesialskrive stykke av Philip Sheppard som blei framført ved Beijing National Stadium. Denne hendinga blei vist for 1,5 milliardar TV-sjåarar.[14][15][16]

I 2012 byrja Osei å arbeida med Bryan Ferry og Paloma.[9][17][18] Ho deltok med desse artistane på Late Night with David Letterman og The Tonight Show with Jay Leno.[12][19]

I 2016 blei Osei med i gruppa Simple Minds for den «akustiske fasen» deira, og spelte inn albumet Acoustic med dei.[20][21] Tidleg i 2017 la Simple Minds ut på turne i Australia og New Zealand, trommeslagaren Mel Gaynor sin siste turne med gruppa før Osei blei med att på ein forenkla, akustisk turne resten av året.[22][23][24] Osei spelte på tre spor på albumet Walk Between Worlds frå 2018, som blei spelt inn før, under og etter den akustiske turneen og utgjevinga av Acoustic), og blei med i bandet som fast trommespelar til promosjonsturneen.[25][26] Denne turnen byrja i Glasgow i Skottland og omfatta dei første opptredenane til gruppa i Nord-Amerika på fem år. Turneen blei rosa: The Guardian meinte bandet høyrdest moderne ut og tilført energi.[27][28] Gjennom 2019 spelte Simple Minds inn spor til eit nytt album med Osei, med planlagd utgjeving i 2021.[29]

I 2019 blei Osei med Kelly Jones på den tredje soloturneen hans.[30] Den fyrste opptredenen hennar med Jones fann stad 1. juni i Usher Hall i Edinburgh i Skottland.[31]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «IMDb Artist Profile | IMDb». IMDb.com (på engelsk). Henta 17. juni 2019. 
  2. «Metal Archives Artist Profile | Metal Archives». metal-archives.com (på engelsk). Henta 17. juni 2019. 
  3. «BBC Artist Profie | BBC». bbc.co.uk (på engelsk). Henta 17. juni 2019. 
  4. «On The Beat with Cherisse Osei of Simple Minds: Talks Touring, Creating, and Gear | Modern Drummer». moderndrummer.com (på engelsk). Henta 17. juni 2019. 
  5. «Kelly Jones Live Review | Buzz». buzzmag.co.uk (på engelsk). Henta 18. juni 2019. 
  6. «The 12 Best Live Session Drummers in the World Right Now | Music Radar». musicradar.com (på engelsk). Henta 17. juni 2019. 
  7. 7,0 7,1 «Veronica Mars 2004–2007 Full Cast & Crew | IMDb». IMDb.com (på engelsk). Henta 17. juni 2019. 
  8. «Giorgio's Party of the Century Cherisse Osei Artist Profile | Giorgio Sound». giorgiosound.com (på engelsk). Henta 17. juni 2019. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 Blundell, Craig. «An Interview with Cherisse Osei». Roland. Henta 18. juni 2019. 
  10. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 192. ISBN 1-904994-10-5. 
  11. «All Music Original TV Soundtrack: Veronica Mars | AllMusic». allmusic.com (på engelsk). Henta 18. juni 2019. 
  12. 12,0 12,1 «Cherisse Osei Interviewed in Drummer Magazine | Byran Ferry». bryanferry.com (på engelsk). Henta 18. juni 2019. 
  13. «Cherisse Ofosu-Osei (Mika) | PROTECTIONracket». www.protectionracket.com (på engelsk). Henta 18. juni 2019. 
  14. «Beijing passes Paralympic host baton to London | China Daily». chinadaily.com.cn (på engelsk). Henta 17. juni 2019. 
  15. «The UK Drum Show Artist Profile | UK Drum Show». theukdrumshow.com (på engelsk). Henta 17. juni 2019. 
  16. The Beijing 2008 Paralympics closing ceremony
  17. «Cherisse Osei Artist Profile | Viva Roxy Music». vivaroxymusic.com (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  18. «REHEARSALS FOR ICELAND | Bryan Ferry». bryanferry.com (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  19. «Industry Guests | Band Workshops». bandworkshops.com (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  20. «Simple Minds #50 | Dream Giver Redux». simpleminds.org (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  21. «Acoustic 2016 | Simple Minds». simpleminds.com (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  22. «Simple Minds #53 | Dream Giver Redux». simpleminds.org (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  23. «AUSTRALIA & NEW ZEALAND 2017 | Simple Minds». simpleminds.com (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  24. «Simple Minds #52 | Dream Giver Redux». simpleminds.org (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  25. «Simple Minds #54 | Dream Giver Redux». simpleminds.org (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  26. «WALK BETWEEN WORLDS – 2018 | Simple Minds». simpleminds.com (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  27. «Simple Minds review – a jumbo celebration of past and present glories | The Guardian». theguardian.com (på engelsk). Henta 19. juni 2019. modern and impressively energised. 
  28. «LIVE REVIEW: Simple Minds – Walk Between Worlds Tour, Sands Bethlehem Event Center | XS Noise». xsnoise.com (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  29. «Future Studio Album | Dream Giver Redux». simpleminds.org (på engelsk). Henta 19. juni 2019. 
  30. «Review: Kelly Jones, Usher Hall, Edinburgh | The Scotsman». scotsman.com (på engelsk). Henta 18. juni 2019. 
  31. «Kelly Jones - Don't Let The Devil Take Another Day A SOLO TOUR | Usher Hall». usherhall.co.uk (på engelsk). Henta 18. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cherisse Osei