Cherry Vanilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cherry Vanilla
Fødd16. oktober 1943 (80 år)
FødestadWoodside i Queens i New York i USA
FødenamnKathleen Dorritie
OpphavUSA
SjangerPunkrock, glamrock
InstrumentVokal
PlateselskapRCA Records
Verka somsongar-låtskrivar

Cherry Vanilla (fødd 16. oktober 1943 som Kathleen Dorritie) er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, publisist og skodespelar. Etter å ha spelt i Andy Warhol sin Pork, arbeidde ho som publisist for David Bowie, før ho vart rockeseongar. Ho vart sidan publisist for Vangelis.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Kathleen Dorritie vart fødd i Woodside i New York.[1] Ho tok scenenamnet Cherry Vanilla då ho spelte i Andy Warhol-skodespelet Pork i London.[2] Ho arbeidde for MainMan LTD som publisist forDavid Bowie tidleg i 1970-åra.[2] Ho vart kjend for sine skandaløse marknadsstrategiar, mellom anna eit tilbod om å utføre oralsex til alle DJar som ville spele platene til Bowie på radio.

Etter ho slutta i arbeidet for Bowie i 1974, starta ho sitt første band med Kasim Sulton, som spelte under namnet hennar. I 1976 danna ho Cherry Vanilla & her Staten Island Band, med Buzzy John Vierno (bass), Frank La Rocca (trommer), Thomas Morrongiello (gitar) og Gary Cohen (piano).[3] Gruppa gav ut songen «Shake Your Ashes» på Max's Kansas City i 1976.[3] I 1976 gav ho òg ut kunstboka Pop Tart.[2]

Ho flytta til London i 1976 og vart ein del av det blømande punkmiljøet og signerte ein platekontrakt med RCA Records. Cherry Vanilla Band bestod i starten av kjærasten til Vanilla, gitaristen Louis Lepore og pianist Zecca Esquibel, i lag med bassisten Gordon «Sting» Sumner og trommeslagaren Stewart Copeland.[4] Copeland og Sting starta etter kort tid bandet The Police.[5]) Den første singelen deira var singelen «The Punk» i september 1977, etterfølgd av debutalbumet i februar 1978, Bad Girl.[3] Finkel og Esquibel slutta i bandet og etter ei rekkje erstatningar heldt bandet fram og gav ut albumet Venus D'Vinyl i 1979.[3] Ho gjorde det slutt med Lepore, gruppa vart oppløyst og Vanilla reiste attende til USA.

I 1980 hadde ho stemme på Vangelis sin «Not A Bit - All Of It» frå albumet See You Later. Ho styrte seinare det amerikanske kontoret hans.[6]

I 1985 spelte ho som haikar og servitrise på Roger Waters-albumet The Pros and Cons of Hitch Hiking[7]

I 1987 skreiv ho musikk til boksedokumentaren Broken Noses.

Tidleg i 1990-åra gav ho ut albumet Blue Roses, med Man Parrish og Barb Morrison. Albumet består av diktopplesing med elektronisk musikk til.[3]

Sjølvbiografien hennar, Lick Me: How I Became Cherry Vanilla, kom ut i 2010.[1]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «The Punk» (1977), RCA
  • «Liverpool» (1978), RCA Victor - berre Nederland
  • «Moonlight» (1979), RCA
  • «Fone Sex» (1991), Radikal - med Man Parrish
  • «Techno Sex» (1992), Radikal - med Man Parrish

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • «Lick Me: How I Became Cherry Vanilla» (2010) Chicago Review Press

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 DiGiacomo, Frank (October 22, 2010). «Cherry Vanilla talks sex, David Bowie, rock 'n' roll, and Mark Zuckerberg». New York Daily News. OCLC 9541172. Arkivert frå originalen 31. oktober 2010. Henta 30. oktober 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Thompson, Dave. "Cherry Vanilla > Biography»Allmusic. Henta 26 April 2010.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Strong, Martin C (2003). The Great Indie Discography. Edinburgh: Canongate. s. 177. ISBN 1-84195-335-0. 
  4. Sutcliffe, Phil; Fielder, Hugh (1981). The Police : l'historia bandido. London and New York: Proteus Books. s. 41. ISBN 0-906071-66-6. 
  5. Campion, Chris (2010). Walking on the Moon: The Untold Story of the Police and the Rise of New Wave Rock. Hoboken: John Wiley & Sons. s. 35. ISBN 978-0-470-28240-3. 
  6. Parcellin, Chris (2002). «All's Fair in Rock'n'Roll». cherry-vanilla.com. Arkivert frå originalen 24. september 2008. Henta 7. september 2014. 
  7. «Roger Waters – The Pros And Cons Of Hitch Hiking». Discogs.com. Henta 12. oktober 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]