Cherry picking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Kirsebærplukking» kan oppstå som ein av mange logiske tankefeil.

Cherry picking eller «kirsebærplukking» vert brukt når ein berre plukkar ut dei fakta som støttar bestemde oppfatningar, fordommar eller hypotesar, og ignorerer fakta som motseier dette.

Det vert feilslutning som kjem av selektiv merksemd, det mest vanlege døme er fordommar (engelsk confirmation bias).[1][2] Cherrypicking kan vera forsettleg eller utilsikta. Dette er feilsluttingar som er eit stort problem i offentleg ordskifte.[3]

Omgrepet er basert på det som i prosessen vert oppfatta så som med hausting av frukt, til dømes kirsebær. Plukkaren forventast å berre velja dei mest modne og sunnaste frukta. Ein observatør som ser berre den valde frukta kan dermed feilaktig konkludera med at dei fleste, eller alle, av frukta til treet er i ein likeeins god stand. Dette kan òg gje eit falskt inntrykk av kvaliteten på frukta (sidan det er berre eit døme og er ikkje eit representativt utval).

Cherrypicking har ein negativ konnotasjon som direkte undertrykkjer prov som kan føra til eit meir komplett bilete.

Eit konsept som nokre gonger vert forveksla med «kirsebærplukking» er idéen med å samla berre frukt som er lett å hausta, samstundes som ein ignorerer annan frukt som er høgare oppe på treet, og dermed vanskelegare å få tak i.

Cherrypicking kan finnast i mange logiske tankefeller. Til dømes "feilslutning av anekdotiske bevis" som har ein tendens til å oversjå store mengder data i favør av dei data som ein har personleg kjennskap til. "Selektiv bruk av prov" avviser materiale som er ugunstige til eit argument, medan ein falsk dikotomi plukkar berre to val når fleire er tilgjengelege. Cherrypicking kan sjå på utvalet av data eller undersøkinga av fakta som vil gje det ønskte, føreseielege resultatet som kan vera villeiande eller i strid med røynda.[4]

I vitskap[endre | endre wikiteksten]

Dersom ein selektivt vel mellom prov som konkurrerer med kvarandre, slik at berre dei prova som støttar ei gjeven hypotese, medan ein ignorerer eller vel bort prov som ikkje støttar hypotesen, er dette kjent som «Cherry picking» på engelsk og er eit signal på låk vitskap eller kvasi-vitskap[5][6]

I medisin - offentlige forskarar pyntar på resultatet[endre | endre wikiteksten]

Ei dansk undersøking hevdar at lækjemiddel, medisin og behandlingsmetodar kan sjå meir effektive ut enn dei eigentleg er. Til tross for at forskarar som vert finansierte med statlege midlar og ikkje har openbare økonomiske interesser i nye lækjemiddel og behandlingsmetodar, får dei ofte meir positive resultat i menneskjestudiar enn det som er reelt. Dette viser ein ny, dansk studie publisert i BioMed Central og omtala av nettstaden Videnskab.dk. Forskaren Berendt konkluderer med at det i 61 av forsøka er problem med truverde. Eit døme kan vere at forskarar handplukkar eller utelét data, skriv nettstaden. (dn.no 14.3.2016)[7]

Når eit nytt legemiddel testast, så bør resultata frå studiane publiserast for resten av den medisin-vitskaplege verda. - Men diverre, negative resultat eller resultat utan klar konklusjon vert ikkje rapportert, noko som etterlet lækjarar og forskarar i mørket.

I argumentasjon[endre | endre wikiteksten]

I argumentasjonsteori er praktisering av «sitatgraving» (engelsk: quote mining) ei form av cherrypicking. Som debattant plukkar ein ut selektivt nokre sitat som støttar ei meining eller overdriv meininga til motstandaren, samstundes som ein ignorerer dei opphavlege sitata eller set dei inn i ein annan samanheng. Cherrypicking i debattar kan til dømes vere å presentere eit faktum som i seg sjølv er sant, men vert sett i ein galen samanheng. Eit klassisk døme er historia om styrmannen på eit skip som skreiv i loggboka at «Kapteinen var edru i dag». Faktum her er sant, men meininga var nok å få lesaren av loggboka til å tru av kapteinen til vanleg var drukken.

Einsidig argumentasjon[endre | endre wikiteksten]

Einsidig argumentasjon (òg kjend som kortstokking, omstokking, ignorere motprov, vriding, og undertrykt prov) er ei uformell feilslutning som oppstår når berre grunnar til å støtta eit forslag vert nytta, medan alle grunnar til å motsetja seg forslaget er utelatne.[8]

Stokking av korta er ein propaganda-teknikk som søkjer å manipulere oppfatninga publikum har av ei sak ved å vektleggja den eine sida og underkommunisera ei anna. Slik vektlegging kan oppnåast gjennom mediafordomar eller bruk av einsidige utsegner, eller ved ganske enkelt å sensurera kritiske stemmer.[9] Teknikken er mykje brukt i overtydande talar av politiske kandidatar til å rakka ned på sina motstandarar, og for å gjera seg sjølv til å sjå meir verdig ut.[10]

Omgrepet stammar frå tryllekunstnaren sin gimmick «kortstokking», som inneber å presentera ein kortstokk som ser ut til å ha vore tilfeldig stokka men som faktisk er 'stokka' i ei bestemd rekkjefølgje. Tryllekunstnaren veit rekkjefølgja og er i stand til å kontrollera utfallet av trikset. I poker, kan kort stokkast slik at visse «hender» vert delt ut til enkelte spelarar.[11]

Fenomenet kan brukast til alle fag, og har eit breitt program. Når eit breitt spekter av informasjon eksisterer, kan framferda riggast til ved å framheva nokre faktum og ignorera andre. Kortstokking kan vere eit verktøy for advokatverksemd eller for grupper av liknande verksemder med spesifikke agendaer.[12] Eit døme er oppføring av ein verveplakat som fokuserte på eit imponerande bilete, med ord som "reiser" og "eventyr", medan du plasserer orda, "verva for to til fire år" heilt nede på plakaten og med lita skrift.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Internet Encyclopedia of Philosophy, "Fallacies", Bradley Dowden (2010)
  2. Cherry Picking
  3. Klass, Gary. «Just Plain Data Analysis: Common Statistical Fallacies in Analyses of Social Indicator Data. Department of Politics and Government, Illinois State University» (PDF). statlit.org. ~2008. Arkivert frå originalen (PDF) March 25, 2014. Henta March 25, 2014. 
  4. Goldacre, Ben (2008). Bad Science. HarperCollins Publishers. s. 97–99. ISBN 978-0-00-728319-4. 
  5. "Devious deception in displaying data: Cherry picking", Science or Not, April 3, 2012, retrieved 16 February 2015
  6. Richard Somerville, Testimony before the US House of Representatives Committee on Energy and Commerce Subcommittee on Energy and Power, March 8, 2011.
  7. «Typical Depression Patients Excluded from Drug Trials; exclusion criteria: is it "cherry picking"?». The Brown University Psychopharmacology Update (Wiley Periodicals) 13 (5): 1–3. May 2002. ISSN 1068-5308. 
  8. «One-Sidedness - The Fallacy Files». Henta 14 oktober 2014. 
  9. The fine art of propaganda: a study of Father Coughlin's s=Institute for Propaganda Analysis. Harcourt Brace and Company. 1939. s. 95–101. Henta November 24, 2010. 
  10. C. S. Kim, John (1993). The art of creative critical thinking. University Press of America. s. 317–318. Henta November 24, 2010. 
  11. Ruchlis, Hyman; Sandra Oddo (1990). Clear thinking: a practical introduction. Prometheus Books. s. 195–196. Henta November 24, 2010. 
  12. James, Walene (1995). Immunization: the reality behind the myth, Volume 3. Greenwood Publishing Group. s. 193–194. Henta November 24, 2010. 
  13. Shabo, Magedah (2008). Techniques of Propaganda and Persuasion. Prestwick House Inc. s. 24–29. Henta November 24, 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]