Chester Kamen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chester Kamen
Fødd20. hundreåret
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
Instrumentgitar
Verka somgitarist, musikkprodusent, komponist, musikar

Chester Kamen (fødd 1. januar 1953) er ein engelsk studiogitarist som har spelt med artistar som Paul McCartney, Bryan Ferry, Bob Geldof, Madonna, Duran Duran, Robbie Williams, Roger Waters, David Gilmour, Seal, Massive Attack, Kirsty MacColl, Belouis Some og Gabrielle.[1][2][3]

I 1985 stod Kamen på scenen på Live Aid i lag med Pink Floyd-gitaristen David Gilmour som ein del av bandet til Bryan Ferry, etter å ha først spelt med Ferry på albumet hans Boys and Girls i 1985. Han fortsette å arbeide med Ferry inn i 1990-åra, inkludert turenane hans i denne perioden. Kamen var òg med å skrive og produsere somme av songane på albumet Bête Noire, inkludert «Seven Deadly Sins» i lag med Guy Pratt.[4]

I 2002, då Roger Waters held fram In The Flesh-turneen sin, vart Kamen henta ombord for å erstatte Doyle Bramhall II. Kamen fortsette å spele med Waters, då han sidan erstatta Andy Fairweather-Low på gitar og korvokal. Kamen spelte òg i lag med Waters og David Gilmour då dei spelte eit kort sett i lag for Hoping Foundation i Oxfordshire i England den 11. juli 2010. I 2016 turnerte Kamen med bandet til David Gilmour.

I mai 2021 gav Kamen ut songen «Stories», framført med bandet hans The Twins.[5]

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Artist
1985 Boys and Girls Bryan Ferry
1985 Some People Belouis Some
1987 Bête Noire Bryan Ferry
1988 Big Thing Duran Duran
1989 Like a Prayer Madonna
1990 Wild and Lonely The Associates
1991 Seal Seal
1993 Symphony or Damn Terence Trent D'Arby
1994 Mamouna Bryan Ferry
1994 Protection Massive Attack

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Pink Floyd Who is who - K». Pinkfloydhyperbase.dk. Henta 23. juli 2021. 
  2. «Chester Kamen | Credits». AllMusic. Henta 23. juli 2021. 
  3. «Chester Kamen Discography at Discogs». Discogs.com. 28. februar 2012. Henta 23. juli 2021. 
  4. «Chester Kamen Music Videos». Ovguide.com. Arkivert frå originalen 2. oktober 2013. Henta 23. juli 2021. 
  5. «Chester Kamen.”Stories” by The Twins». YouTube. Henta 3. juni 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]