Chesterfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Chesterfield

Chesterfield frå Old Brampton
Chesterfield frå Old Brampton
Plassering
Chesterfield is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Derbyshire
Distrikt Chesterfield
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

70 710
Koordinatar 53°14′″N 1°25′″WKoordinatar: 53°14′″N 1°25′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer S40
Nettstad: www.chesterfield.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chesterfield

Chesterfield er ein marknadsby eit administrativt distrikt i Derbyshire i England. Han ligg på staden der elvane Rother og Hipper møtes.

Byen fekk marknadsrettar frå kong Johan utan land i 1204. Han voks sakte men sikkert fram til 1800-talet, då han fekk velstandstider på grunn av jernbanen. Chesterfieldlinja, som var ein del av North Midland-linja mellom Derby og Leeds, vart starta av George Stephenson i 1837. Under konstruksjonen oppdaga ein ei stor kolåre. Stephenson starta opp eit gruveselskap, som tok ut både kol og jernmalm i området. Stephenson budde i Tapton House i Chesterfield resten av livet, og er gravlagt i Trinity Church.

Det mest kjende landemerket til byen er spiret til kyrkja Saint Mary and All Saint. Det blir kalla «the crooked spire» («Det skeive tårnet») og toppen lenar seg nesten 3 meter til sidan i tilhøve til midtpunktet til tårnet. Dette skuldast truleg bruk av vått tømmer eller for få støttestag. Meir fargerike forklaringar er at spiret var så sjokkert over å høyre at ei jomfru gifta seg i kyrkja, at det bøygde seg for å sjå nærare på det, eller at ein smed i Bolsover skodde Djevelen feil, og at Djevelen så i store smerter hoppa over tårnet og slo det ut av stilling.

Boremaskinene som vart brukt under konstruksjonen av Kanaltunnelen vart laga i Chesterfield av Markham & Co., som no ikkje lengjer har nokre lokale der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]