Chibok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chibok
Land Flag of Nigeria.svg Nigeria
Stat Borno
Høgd 417 m
Type By og Local Government Area
Folketal 66 105 (2006)
Tidssone WAT (UTC+1)

Chibok er ein by og eit Local Government Area i Borno-staten i Nigeria. Chibok ligg sør i delstaten. Han har rundt 66 000 innbyggjarar (2006) på ei flatevidd av 1 350 km². Han tilhøyrer den tradisjonelle staten Borno-emiratet.[1]

Dei fleste innbyggjarane i Chibok har kibaku (også kalla chibok) som morsmål.[2] Dei er hovudsakleg kristne, med eit mindretal muslimar.[2][3]

I april 2014 blei over tohundre skulejenter bortførte frå Chibok av den militante islamistgruppa Boko Haram.[4][5][6][2] 14. november 2014 blei det meld at Boko Haram hadde teke kontroll over staden. Eit par dagar seinare melde den nigerianske hæren at han hadde teke byen tilbake med hjelp frå lokale militsfolk.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nigeria (2000), Nigeria: a people united, a future assured, 2, State Surveys (Millennium utg.), Abuja, Nigeria: Federal Ministry of Information, s. 106, ISBN 9780104089 
  2. 2,0 2,1 2,2 Adam Nossiter (May 14, 2014), «Tales of Escapees in Nigeria Add to Worries About Other Kidnapped Girls», New York Times, henta 15. mai 2014, Most of the Chibok residents are Christians of a small minority group who speak Kibaku, another of Nigeria's myriad languages. 
  3. Adam Nossitermay, «Nigerian Girls Seen in Video From Militants», New York Times (May 12, 2014)
  4. David Smith og Harriet Sherwood, «Military operation launched to locate kidnapped Nigerian girls», The Guardian (May 14, 2014).
  5. «Nigeria abduction video: Schoolgirls 'recognised'», BBC News (May 13, 2014)
  6. Oren Dorell (April 21, 2014). «Terrorists kidnap more than 200 Nigerian girls». USA Today. Henta 23. april 2014. 
  7. «Nigeria army 'retakes Chibok' from Boko Haram» (16 November 2014), BBC News, videoreportasje; «Nigeria army 'retakes Chibok' from Boko Haram» (16 November 2014), tekstreportasje

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Neher, Gerald A. (2011). Life among the Chibok of Nigeria. McPherson, KS: Gerald Neher Publishing. ISBN 9780983157304.