Chicago 13

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chicago 13
Studioalbum av Chicago
Utgjeve 13. august 1979
Innspelt Mai-juni 1979 i Le Studio i Montreal; A&M Studios i Hollywood; A&R Recording i New York
Sjanger Rock, disco[1]
Lengd 46:59
Selskap Columbia
Produsent Phil Ramone og Chicago
Chicago-kronologi
Hot Streets
(1978)
Chicago 13 Chicago XIV
(1980)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Chicago 13 er det 11. studioalbumet av det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1979. Det var oppfølgjaren til Hot Streets og vert ofte slakta av kritikarane. Dette var det siste albumet med sologitaristen Donnie Dacus, som hadde erstatta den avdøde, opphavlege sologitaristen Terry Kath året før. Alle bandmedlemmane medverka med låtskrivar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter innspelinga var over i Morin-Heights i Quebec og Hollywood kom Chicago 13 ut i august 1979. Bandet gjekk attende til å nummerere albuma sine og syne logoen sin på framsida. Singelen til Donnie Dacus, «Must Have Been Crazy», kom ut før albumet. Chicago 13 var det første Chicago-albumet utan hitsinglar. Med negative meldingar nådde Chicago 13 berre 21. plassen i USA, men selde til gullplate. Ikkje lenge etter albumet og turneen, fekk Dacus sparken utan noko forklaring på kvifor.

I 2003 vart Chicago 13 remastra og gjeve ut på ny Rhino Records med ei B-side, Dacus sin «Closer To You» (eit unytta opptak frå Hot Streets-innspelinga), og ein 12-tommarsmiks av «Street Player» som bonusspor. Songane «Street Player» og «Closer To You» hadde tidlegare vore gjevne ut av andre artistar: «Street Player» av Rufus, som spelte han inn før Chicago; og «Closer» av Stephen Stills, men med Donnie Dacus på solovokal. «Street Player» vart til slutt ein hit, då han vart sampla for både hitten «The Bomb! (These Sounds Fall into My Mind)» av The Bucketheads i 1995 og «I Know You Want Me (Calle Ocho)» av Pitbull i 2009, og til slutt i ein remix i 2013 av dance-produsenten Tradelove.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
1. «Street Player»  Seraphine/David «Hawk» WolinskiCetera 9:11
2. «Mama Take»  CeteraCetera 4:14
3. «Must Have Been Crazy»  DacusDacus 3:26
4. «Window Dreamin'»  Parazaider/LoughnaneP. C. Moblee 4:11
5. «Paradise Alley»  LammDacus 3:39
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
6. «Aloha Mama»  Seraphine/WolinskiP. C. Moblee 4:11
7. «Reruns»  LammLamm 4:29
8. «Loser With a Broken Heart»  CeteraCetera 4:43
9. «Life Is What It Is»  de Oliveira/Marcos ValleCetera 4:37
10. «Run Away»  PankowCetera/Dacus 4:18
Bonusspor på Rhino-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
11. «Closer to You»  Dacus/Stills/Warner SchwebkeDacus 4:54
12. «Street Player (Dance Mix)»  Seraphine/WolinskiCetera 8:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David «Hawk» Wolinski - synthesizer på «Street Player»
  • Airto Moreira - perkusjon på «Street Player», «Paradise Alley», «Life Is What It Is» og «Run Away»
  • Maynard Ferguson - trompet på «Street Player»
  • «P.C. Moblee» - solovokal på «Window Dreamin'» og «Aloha Mama» (Moblee var i røynda Peter Cetera som song i lågt toneleie.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av Phil Ramone og Chicago
  • Produksjonsassistent – Michele Slagter
  • Lydteknikar og miksing av Jim Boyer
  • Assisternade lydteknikarar: John Beverly Jones, Brad Leigh, Peter Lewis, Nick Blagona, Robbie Whelan og Roger Ginsley
  • Mastra av Ted Jensen
  • Plateomslag – John Berg
  • Logodesign – Nick Fasciano

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1979 Pop Album 21

Singlar- Billboard (Nord-Amerika)

År Single Liste Plassering
1979 Must Have Been Crazy Pop Singles 83
1979 Street Player Black Singles 91

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chicago brings 'rock with brass' to bear in Sarasota's Van Wezel». Sarasota Herald-Tribune. 31. mai 2002. s. 4 and 8. Henta 28. oktober 2015. 
  2. http://www.allmusic.com/album/r33031/review
  3. Beatport, LLC. «Tradelove - Street Player (Club Mix) [LoudBit] :: Beatport». Henta 28. oktober 2015.