Chicago 16

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chicago 16
Studioalbum av Chicago
Utgjeve 7. juni 1982
Innspelt Januar–april 1982
Sjanger Rock
Lengd 41:51
Selskap Full Moon/Warner Bros.
Produsent David Foster
Chicago-kronologi
Greatest Hits, Volume II
(1981)
Chicago 16 If You Leave Me Now
(1983)
Singlar frå Chicago 16
  1. «Hard to Say I'm Sorry»
    Utgjeve: Mai 1982
  2. «Love Me Tomorrow»
    Utgjeve: September 1982
  3. «What You're Missing»
    Utgjeve: 1983
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]

Chicago 16 er det 13. studioalbumet til det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut den 7. juni 1982. Det var det første albumet deira for det nye selskapet Warner Bros. Records og det førte produsert av David Foster. Det var òg det første hitalbumet deira sidan Hot Streets i 1978 og det første albumet sidan Chicago V (1972) utan Laudir de Oliveira på perkusjon.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bandet henta inn Sons of Champlin-medlemmet Bill Champlin på klaverinstrument og songar, for å fylle vokalskoa til den avdøde Terry Kath. Gruppa heldt òg på gitaristen Chris Pinnick frå innspelinga av Chicago XIV. Manageren til bandet, Jeff Wald, og etter forslag frå Danny Seraphine, tok produsenten David Foster kontakt med bandet.[2] Då dei gjekk med på at Foster skulle produserte albuemt (bandet hadde vurdert han i 1980 for Chicago XIV), endra Foster radikalt stilen til Chicago for 1980-åra, med den nyaste teknologien og teknikkane og henta inn fleire låtskrivarar utafrå i tillegg til studiomusikarar. Tre medlemmar frå Toto spelte på innspelingane.

Softrock-stilen til Peter Cetera og David Foster gjennomsyrer mykje av Chicago 16. Bandet flytta til eit nytt selskap etter ein heil karriere på Columbia. Robert Lamm var heller ikkje tilgjengeleg for det meste av innspelinga av albumet av personlege årsaker, og Lamm som tidlegare hadde skrive mange songar for bandet, var berre med på ein enkel song. Perkusjonisten Laudir de Oliveira slutta i bandet etter Chicago XIV-turneen, sidan den latinske perkusjonen hans ikkje passa med den nye retninga til bandet.

Då det kom ut i juni 1982 vart Chicago 16 eit hit-album, særleg sidan «Hard to Say I'm Sorry» vart den andre singelen deira som nådde toppen av den amerikanske singellista. Albuemt selde etter kvart til platina og nådde niandeplassen. Singelen var òg i den lengre forma «Hard to Say I'm Sorry/Get Away» med på filmmusikkalbumet «Summer Lovers». «Love Me Tomorrow», den andre singelen på albumet, hadde ein lengre orkesterseksjon mot slutten. Ein tredje singel, «What You're Missing», kom òg ut, men selde dårleg.

Rhino sin remaster av albumet har ikkje med den fulle versjonen av «What You're Missing» og «Love Me Tomorrow». Den førstnemnde vart erstatta med singelversjonen og den sistnemnde var utan ein del mot slutten. Likevel var ein Bill Champlin-demo, kalla «Daddy's Favorite Fool», med som bonusspor.

Den original britiske LP-versjonen hadde med «Rescue You» før «What Can I Say», i motsetnad til andre utgåver av albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
1. «What You're Missing»  Jay Gruska, Joseph WilliamsCetera 4:10/3:29
2. «Waiting for You to Decide»  David Foster, Steve Lukather, David PaichCetera, with Champlin 4:06
3. «Bad Advice»  Peter Cetera, Foster, James PankowChamplin, with Cetera 2:58
4. «Chains»  Cetera, Ian ThomasCetera 3:22
5. «Hard to Say I'm Sorry/Get Away»  Cetera, Foster, Robert LammCetera 5:08
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
6. «Follow Me»  Foster, PankowChamplin 4:53
7. «Sonny Think Twice»  Bill Champlin, Danny SeraphineChamplin 4:01
8. «What Can I Say»  Foster, PankowCetera 3:49
9. «Rescue You»  Cetera, FosterCetera 3:57
10. «Love Me Tomorrow»  Cetera, FosterCetera 5:06/4:58
Bonusspor på Rhinoutgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
11. «Daddy's Favorite Fool»  Champlin 3:52

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Chicago
Andre medverkande

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av David Foster
  • Lydteknikar og miksa av Humberto Gatica
  • «Hard To Say I'm Sorry/Get Away» miksa av Bill Schnee
  • Mikseassistent: Walter Parazaider, Lee Loughnane & Jack Goudie
  • Andre teknikarar – Chip Strader, Britt Bacon, Don Levy, Bobby Gerber, Phil Jamtaas, Ernie Sheesely, Jeff Borgeson, Steve Cohen & David Schober
  • Fotografi av Aaron Rapoport
  • Plateomslag av Kosh & Ron Larson

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Austerrike[3] 19
Canada[4] 17
Nederland[5] 33
Tyskland[6] 11
New Zealand[7] 24
UK Album Chart[8] 44
US Billboard 200[9] 9

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Single Liste Plassering
1982 "Hard to Say I'm Sorry" US Billboard Hot 100[9] 1
US Adult Contemporary[9] 1
UK Singles Chart[8] 4
1982 Love Me Tomorrow US Billboard Hot 100[9] 22
US Adult Contemporary[9] 8
1983 What You're Missing US Billboard Hot 100[9] 81

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chicago 16Allmusic. Henta 12. januar 2015.
  2. Foster, David (2008). Hit Man. Pocket Books. s. 95. 
  3. «Chicago – 16 – Austerrikencharts.at». Austerrikencharts.at (på tysk). Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  4. «50 Album». RPM 37 (6). 25. september 1982. ISSN 0033-7064. Henta 15. januar 2013. 
  5. «Dutchcharts.nl – Chicago – 16». GfK Dutch Charts (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  6. «Album – Chicago, 16». Charts.de (på tysk). Media Control. Henta 15. januar 2013. 
  7. «Charts.org.nz – Chicago – 16». Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  8. 8,0 8,1 «Chicago | Artist | Official Charts». Official Charts Company. Henta 15. januar 2013. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 «Chicago – Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 15. januar 2013.