Chicago V

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chicago V
Studioalbum av Chicago
Utgjeve 10. juli 1972
Innspelt 20. til 29. september 1971 i Columbia 30th Street Studios i New York City
Sjanger Rock, jazzrock
Lengd 45:16
Selskap Columbia
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi 
Chicago at Carnegie Hall
(1971)
Chicago V Chicago VI
(1973)
Singlar frå Chicago V
  1. «Saturday in the Park»
    Utgjeve: Juli 1972
  2. «Dialogue (Part I & II)»
    Utgjeve: Oktober 1972
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Rolling Stone-[2]

Chicago V er det fjerde studioalbumet til det amerikansk rockebandet Chicago, gjeve ut i 1972. Albumet er det første enkle albumet dei gav ut, etter at dei tre første albuma deira var doble og konsertalbumet som kom før bestod av fire plater i ein boks.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter Chicago III i 1971 slutta gruppa å lage doble album med mange songar arrangerte i lange suitar. I staden gav dei ut meir konsise spor på eit enkelt album. V er òg det albumet som er mest dominert av Robert Lamm. Åtte av ti songar er skrivne av han aleine. Terry Kath skreiv og song det siste sporet på albumet, «Alma Mater», der han fekk vise seg fram på akustisk gitar. Sjølv om bassisten Peter Cetera ikkje medverka med nokre songar på albumet, song han solo på fleire og spelte bass, mellom anna med wah-wah-pedal på bassen på «While the City Sleeps». Dette var det siste albumet som ikkje hadde med songar frå Cetera medan han var i bandet. Songen «A Hit by Varèse» er ei hyllest til den fransk-amerikanske komponisten Edgard Varèse.

Albumet vart spelt inn like før Chicago at Carnegie Hall kom ut seint i 1971. Chicago V vart spelt inn på berre litt over ei veke, men vart halde attende til sommaren etter. Kort tid før albumet kom ut, vart singelen «Saturday In The Park» gjeven ut og vart den største hitten deira til då. Singelen nådde tredjeplassen i USA. Chicago V var kritikarrost og vart det største hitalbumet i 1972. Det var første gongen eit Chicago-album nådde toppen av albumlista i USA og det vart liggande på toppen i heile ni veker. I Storbritannia nådde albumet 24. plassen. Oppfølgjarsingelen «Dialogue (Part I & II)» (24. plass) vart òg ein hit i USA.

I 2002 vart Chicago V mastra på ny og gjeve ut av Rhino Records med tre bonusspor: ei øving av Lamm sin «A Song for Richard and His Friends», som vart framført første gongen i Carnegie Hall, ei tidleg øving av Kath sin «Mississippi Delta City Blues» (som seinare vart spelt inn på ny og gjeve ut på Chicago XI), og singelversjonen av «Dialogue».

Den 17. august 2011 gav Warner Japan ut albumet i ein hybrid stereo-fleirkanals Super Audio CD i Warner Premium Sound-serien.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
1.«A Hit by Varèse»LammLamm4:56
2.«All Is Well»LammLamm3:52
3.«Now That You've Gone»PankowKath5:01
4.«Dialogue (Part I)»LammKath, Cetera2:57
5.«Dialogue (Part II)»LammLamm, Kath, Cetera4:13
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
6.«While the City Sleeps»LammLamm3:53
7.«Saturday in the Park»LammLamm, Cetera3:56
8.«State of the Union»LammCetera6:12
9.«Goodbye»LammCetera6:02
10.«Alma Mater»KathKath3:56

Bonus spor (2002-utgåva)[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«A Song For Richard And His Friends» (studioversjon, utan vokal)Lamm8:15
12.«Mississippi Delta City Blues» (første innspeling)Kath5:28
13.«Dialogue (Part I & II)» (singelutgåve)Lamm5:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av James William Guercio
  • Lydteknikar: Wayne Tarnowski
  • Logodesign – Nick Fasciano
  • Plateomslag – John Berg
  • Fotografi – Jim Houghton and Earl Steinbicker

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1972 Billboard Black Album 33
1972 Billboard Pop Album 1
1972 Billboard Jazz Album 1

Single

År Single Liste Plassering
1972 "Dialogue (Parts I & II)" Billboard Pop Singles 24
1972 "Saturday in the Park" Billboard Pop Singles 3

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
RIAA – USA Gull 31. juli 1972
RIAA – USA Platina 21. november 1986
RIAA – USA Dobbel platina 21. november 1986

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, Lindsay. «Chicago V - Chicago : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 17. oktober 2015. 
  2. «Chicago: Chicago V : Music Reviews : Rolling Stone». RollingStone.com. 7. desember 1972. Arkivert frå originalen 23. januar 2010. Henta 17. oktober 2015. 
  3. «Warner Premium Sound 17. august 2011 releases» (på japansk). Arkivert frå originalen 13. august 2011. Henta 17. oktober 2015.