Chicago VI
| Chicago VI Studioalbum av Chicago | ||
| Utgjeve | 25. juni 1973 | |
| Innspelt | Februar 1973, Caribou Ranch i Nederland, CO | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 38:21 | |
| Selskap | Columbia | |
| Produsent | James William Guercio | |
| Chicago-kronologi | ||
|---|---|---|
| Chicago V (1972) |
Chicago VI | Chicago VII (1974) |
| Singlar frå Chicago VI | ||
|
||
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
| Robert Christgau | C[2] |
| Rolling Stone | [3] |
Chicago VI er det femte studioalbumet til det amerikansk rockebandet Chicago, gjeve ut i 1973.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha spelt inn dei første fem albuma i New York City, fekk produsenten James William Guercio bygd sitt eige Caribou Studios i Nederland i Colorado i 1972. Det var ferdig i tide til at bandet kunne spele inn det sjette albumet sitt der februar i året etter. Det vart verande basen deira dei neste fire åra.
Robert Lamm skreiv halvparten av songane på albumet, mellom anna svaret hans til somme av dei negative musikkjournalistane i Chicago, «Critics' Choice». James Pankow skreiv dei to hittane på albumet, «Just You 'N' Me» (#4) og «Feelin' Stronger Every Day» (#10). Sistnemnde vart skriven i lag med Peter Cetera, som òg skreiv «In Terms of Two».
Albumet kom ut i juni 1973 og vart nok ein salssuksess. Det låg fem veker på toppen av albumlista i USA.
Albumet vart miksa og gjeve ut i både stereo og kvadrofonisk lyd. I 2002 vart Chicago VI gjeve ut med nymastra lyd av Rhino Records, med to bonusspor: ein Terry Kath-demo kalla «Beyond All Our Sorrows», og ei innspeling av Al Green sin «Tired of Being Alone», teken frå fjernsynsspesialen «Chicago in the Rockies» i 1973. I 2013 vart det gjeve ut ein Hybrid SACD av Mobile Fidelity Sound Lab.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | vokal | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Critics' Choice» | Lamm | Lamm | 2:49 |
| 2. | «Just You 'n' Me» | Pankow | Cetera | 3:42 |
| 3. | «Darlin' Dear» | Lamm | Lamm | 2:56 |
| 4. | «Jenny» | Kath | Kath | 3:31 |
| 5. | «What's This World Coming To» | Pankow | Lamm, Cetera, Kath | 4:58 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | vokal | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 6. | «Something in This City Changes People» | Lamm | Lamm/Kath | 3:42 |
| 7. | «Hollywood» | Lamm | Lamm | 3:52 |
| 8. | «In Terms of Two» | Cetera | Cetera | 3:29 |
| 9. | «Rediscovery» | Lamm | Lamm | 4:47 |
| 10. | «Feelin' Stronger Every Day» | Cetera/Pankow | Cetera | 4:15 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | vokal | Lengd |
|---|---|---|---|---|
| 1. | «Beyond All Our Sorrows» (demo) | Kath | Kath | 7:06 |
| 2. | «Tired of Being Alone» (med Al Green) | Green | Green | 4:09 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Chicago
[endre | endre wikiteksten]- Peter Cetera – bass, solo- & korvokal
- Terry Kath – elektrisk & acoustic gitarar, slidegitar, solo- & korvokal
- Robert Lamm – piano, Hammondorgel, clavinet, Wurlitzer elektrisk piano, Fender Rhodes, synthesizer, Hohner Pianet, solo- & korvokal
- Lee Loughnane – trompet, korvokal, perkusjon
- James Pankow – trombone, blåsararrangement
- Walter Parazaider – saksofonar, fløyte
- Danny Seraphine – trommer, perkusjon
Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Laudir de Oliveira – conga
- Joe Lala – conga
- J. G. O'Rafferty – pedalsteelgitar
- ukjend - munnspel på «In Terms of Two»
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsert av James William Guercio
- Lydteknikar: Wayne Tarnowski
- Assisterkande teknikar – Jeff Guercio
- Miksa av Phil Ramone
- Mikseassistent – Richard Blakin
- Plateomslag – John Berg og Nick Fasciano
- Fotografi av Barry Feinstein
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Lister
[endre | endre wikiteksten]Album
| År | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 1973 | Billboard Pop Album | 1 |
Singel
| År | Single | Liste | Plassering |
|---|---|---|---|
| 1973 | "Feelin' Stronger Every Day" | Billboard Pop Singles | 10 |
| 1973 | "Just You 'N' Me" | Billboard Adult Contemporary | 7 |
| 1973 | "Just You 'N' Me" | Billboard Pop Singles | 4 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]| Organisasjon | Nivå | Dato |
|---|---|---|
| RIAA – USA | Gull | 18. juli 1973 |
| RIAA – USA | Platina | 21. november 1986 |
| RIAA – USA | 2x platina | 21. november 1986 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chicago VI» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Planer, Lindsay. «Chicago VI - Chicago : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ «CG: chicago». Robert Christgau. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ «Chicago: Chicago VI : Music Reviews : Rolling Stone». RollingStone.com. 1973-08-17. Arkivert frå originalen 2008-01-06. Henta 17. oktober 2015.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)