Chicago VII

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chicago VII
Studioalbum av Chicago
Utgjeve 11. mars 1974
Innspelt August - desember 1973, Caribou Ranch i Nederland i CO
Sjanger Jazzfusion, rock
Lengd 72:15
Selskap Columbia
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi 
Chicago VI
(1973)
Chicago VII Chicago VIII
(1975)
Singlar frå Chicago VII
  1. «(I've Been) Searchin' So Long»
    Utgjeve: februar 1974
  2. «Call on Me»
    Utgjeve: juni 1974
  3. «Wishing You Were Here»
    Utgjeve: oktober 1974
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Rolling Stone[2]

Chicago VII er det sjette studioalbumet til det amerikansk rockebandet Chicago, gjeve ut i 1974. Det var det første og siste dobbeltalbumet deira med nye songar sidan Chicago III i 1971.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Medan dei turnerte for å marknadsføre Chicago VI i 1973, byrja bandet å bli rastlause og byrja å spele nokre lange jazzinstrumentalar i setlista si. Publikum hadde ei noko blanda reaksjon til dette, men Chicago likte musikkstykka og etter å ha snakka om det i fleire år, ønskte dei å gje ut eit reint jazz-aktig album, og drog til produsenten James William Guercio og Caribou Ranch for å spele inn det nye, ambisiøse albumet.

Innspelinga starta bra, men det vart etter kort tid usemje i gruppa om jazzprosjektet, og både Peter Cetera og Guercio var begge uroa over den kommersielle risken eit slikt album var. Bandet meinte at somme av dei jazzaktige songane var for gode til å kaste, og dei andre gjekk til slutt med på å spele inn nokre meir pop- og rock-orienterte songar i mellomtida. Slik hadde Chicago brått nok materiale til eit dobbeltalbum.

Chicago stod igjen med ein stor variasjonar av songar, som Terry Kath sin «Byblos», kalla opp etter ein klubb i Osaka i Japan der Chicago hadde spelt. Robert Lamm, som spelte inn eit soloalbum kalla Skinny Boy på den tida, kom med fleire nye songar, til og med tittelsporet frå soloalbumet sitt med The Pointer Sisters på korvokal. James Pankow kom med ein ny hitsingel, «(I've Been) Searchin' So Long» (9. plass), og trompetisten Lee Loughnane traff innartiar med den første songen han skreiv, hitsingelen «Call on Me» (6. plass). Peter Cetera skreiv flest songar for Chicago VII, med «Happy Man» og «Wishing You Were Here» (11. plass), ein svulstig ballade (teikn på framtida) med tre medlemmar frå The Beach Boys på korvokal. «Happy Man» vart sidan spelt av Tony Orlando and Dawn på albumet deira To Be With You.

Chicago VII er òg første gongen Lee Loughnane skreiv og song på eit album, og det var første og einaste gongen at alle medlemmane i bandet bidrog med låtskriving.

Albumet kom ut i mars 1974, Chicago VII og trass i at den første plata nesten berre bestod av jazzinstrumentalar, gjekk det rett til topps på den amerikanske albumlista.

I 2002 vart Chicago VII remastra og gjeve ut som ein enkel CD av Rhino Records med eitt bonusspor: ei tidleg øving av «Byblos».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
1.«Prelude to Aire»Seraphineinstrumental2:47
2.«Aire»Seraphine/Parazaider/Pankowinstrumental6:27
3.«Devil's Sweet»Seraphine/Parazaiderinstrumental10:07
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
4.«Italian from New York»Lamminstrumental4:14
5.«Hanky Panky»Lamminstrumental1:53
6.«Life Saver»LammLamm5:18
7.«Happy Man»CeteraCetera3:34[3]
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
8.«(I've Been) Searchin' So Long»PankowCetera4:29
9.«Mongonucleosis»PankowCetera (briefly, at beginning)3:26
10.«Song of the Evergreens»KathLoughnane5:20
11.«Byblos»KathKath6:18
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
12.«Wishing You Were Here»CeteraKath/Cetera4:37
13.«Call on Me»LoughnaneCetera4:02
14.«Woman Don't Want to Love Me»LammCetera4:35
15.«Skinny Boy»LammLamm5:12[4]

Bonusspor (2002-utgåva)[endre | endre wikiteksten]

  1. "Byblos (Rehearsal)» (Terry Kath) – 5:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Blåsearrangement : (4) av James Pankow & Robert Lamm ; (2,5,6,8,9,12-15) av James Pankow

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av James William Guercio
  • Lydteknikar: Wayne Tarnowski og Jeff Guercio
  • Strykarar innspelt av Armin Steiner i Sound Labs (Hollywood, CA)
  • Miksa av Phil Ramone
  • Plateomslag – John Berg og Nick Fasciano
  • Fotografi – Urve Kuusik

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering

position

1974 Billboard Pop Album 1

Singel

År Singel Liste Plassering
1974 "(I've Been) Searchin' So Long" Billboard Pop Singles 9
1974 "Call on Me" Billboard Adult Contemporary 1
1974 "Call on Me" Billboard Pop Singles 6
1974 "Wishing You Were Here" Billboard Adult Contemporary 1
1974 "Wishing You Were Here" Billboard Pop Singles 11

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
RIAA – USA Gullplate 18. mars 1974
RIAA – USA Platina 21. november 1986

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, Lindsay. «Chicago VII - Chicago : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 17. oktober 2015. 
  2. «Chicago: Chicago VII : Music Reviews : Rolling Stone». RollingStone.com. 23. mai 1974. Arkivert frå originalen 18. april 2008. Henta 17. oktober 2015. 
  3. På den originale LPen og CDen byrjar denne songen med ein falsk start og kring 20 sekund med studioprat. Dette er ikkje med på somme av dei remastra utgåvene.
  4. The same spor appears on Robert Lamm's 1974 solo album Skinny Boy, but without horns and a fade-out at 4:30.