Chicago XIV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chicago XIV
Studioalbum av Chicago
Utgjeve 21. juli 1980
Innspelt Mars til mai 1980 i The Record Plant i Los Angeles og Criteria Studios i Miami
Sjanger Rock
Lengd 38:58
Selskap Columbia
Produsent Tom Dowd
Chicago-kronologi
Chicago 13
(1979)
Chicago XIV Greatest Hits, Volume II
(1981)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Chicago XIV er det tolvte studioalbumet til det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1980. Det vart spelt inn på ei tid då det var dalande interesse for bandet og Chicago XIV er eit av Chicago-albuma som har seld dårlegast og var ein kommersiell flopp. Det er òg det siste studioalbumet deira for Columbia Records.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter det skuffande Chicago 13, og gitaristen Donnie Dacus slutta, meinte Chicago det var på tide med ein ny strategi. I staden for å tilsetje ein ny gitarist i bandet, leigde dei inn Chris Pinnick som studio- og turnémusikar. Dei prøvde seg òg med ein ny produsent, Tom Dowd, som hadde arbeidd med Aretha Franklin, Cream, Eric Clapton og Toto. Chicago gav seg med discostilen og med Dowd i styringa vart albumet ei enkel, meir straumlinjeforma plate, som fekk namnet Chicago XIV. Det kan ha vore eit svar til den underproduserte new wave-stilen på radio på denne tida og albumet var det minst orkestrerte til no av bandet. Det var likevel ikkje det perfekte samarbeidet og Dowd måtte leie ei gruppe der medlemmane ikkje heilt var på same bølgjelengd.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Peter Cetera tok no ei enno større rolle i bandet og komposisjonane hans var ei blanding av balladar og pop- og rockesongar. Robert Lamm bidrog med rockelåtane «Manipulation» og «I'd Rather Be Rich» (ein song frå 1975) og James Pankow bidrog med den livlege «The American Dream». Som Chicago 13 før, selde Chicago XIV dårleg. Det var klårt at imaget til Chicago var ute av stil i 1980.

Det vart dårleg marknadsført av Columbia Records, eit selskap som i aukande grad skuffa Chicago, og Chicago XIV selde dårleg. Det nådde berre 71. plassen i USA. Det var ingen hitsinglar igjen og «Thunder and Lightning» hamna like under topp 50 på singellista, medan «Song For You» ikkje gjekk inn på lista i det heile. Chicago opplevde òg dårleg sal på konsertane sine under turneen som følgde. Då dei forstod at forholdet deira hadde surna kraftig, enda Columbia Records kontrakten med Chicago. I 1982 fortalte Robert Lamm,

« Spenninga forsvann for dei, trur eg. Særleg etter at Jeff Wald, som var manageren vår i 1978 og 1979, pressa dei inn i ein latterleg kontrakt på mange millionar, der dei måtte hoste opp ein million dollar kvar gong me gav ut eit album. CBS kom ikkje nær å få pengane att, og dei ønskte å kome seg ut av avtalen. Faktisk enda dei opp med å betale oss for å ende avtalen..[2] »

Som eit ledd i å få enda avtalen tidleg, gav Columbia ut det andre samlealbumet til bandet på selskapet. Pengane dei fekk frå avtalen vart nytta til å spele inn Chicago 16 på eiga hand, medan bandet leita etter eit nytt selskap. Perkusjonisten Laudir de Oliveira, som hadde vore med Chicago sidan 1973, valte å prøve seg på andre ting og slutta i bandet i 1981. Peter Cetera gav samstundes ut det første soloalbumet sitt i denne pausen.

I 2003 vart Chicago XIV remastra og gjeve ut på ny av Rhino Records med tre unytta opptak frå innspelingane, «Doin' Business» (som først kom ut på samlinga Group Portrait i 1991), «Live It Up» og «Soldier of Fortune» som bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
1. «Manipulation»  LammLamm 3:45
2. «Upon Arrival»  Lamm/CeteraCetera/Lamm 3:48
3. «Song for You»  CeteraCetera 3:41
4. «Where Did the Lovin' Go»  CeteraCetera 4:06
5. «Birthday Boy»  Seraphine/David «Hawk» WolinskiCetera 4:55
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
6. «Hold On»  CeteraCetera 4:15
7. «Overnight Cafe»  CeteraLamm/Cetera 4:19
8. «Thunder and Lightning»  Lamm/Seraphine/CeteraLamm/Cetera 3:32
9. «I'd Rather be Rich»  LammLamm 3:08
10. «The American Dream»  PankowCetera 3:19
Bonusspor på Rhino-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
11. «Doin' Business»  LammLamm 3:31
12. «Live It Up»  PankowCetera 3:23
13. «Soldier of Fortune»  LammLamm 3:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bandet[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av Tom Dowd
  • Produksjonskoordinering – Schatzi Hagerman
  • Lydteknikar og miksing av Michael Carnevale
  • Assisterande lydteknikarar – Karat Faye, Bill Freesh and Ricky Delena
  • Mastra av Bernie Grundman
  • Design – John Berg
  • Plateomslag – Gerry Huerta

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1980 Pop Album 71

Singlar - Billboard (Nord-Amerika)

År Single Liste Plassering
1980 Thunder and Lightning Pop Singles 56

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/album/r3856/review
  2. "Revitalized Chicago Back On Road Again". Chicago Tribune 13. juni 1982