Chichen Itza
Utsjånad
| Kukulkanpyramiden i Chichen Itza | |||
| Land | Mexico | ||
|---|---|---|---|
| Innskriven ved UNESCOs 12. sesjon i 1988. Referansenr. 483. | |||
| Kriterium: | I, II, III | ||
| Sjå òg | Verdsarvstader i Amerika | ||
| Bakgrunnsstoff | Chichen Itza ved unesco.org | ||
Chichen Itza er ein ruinby på den nordlege delen av Yucatán-halvøya søraust i Mexico. Ruinane har spor av to ulike kulturepokar, ein maya- og ein itzá-epoke. Byen var framtredande allereie i klassisk mayatid, omkring 600-900 e.Kr. På 900-talet blei han erobra av itzáfolket.
Stordomstida til Chichen Itza opphøyrde kring 1400. Ruinane blei funne att i jungelen på 1800-talet, og sidan er fleire tempel blitt restaurerte.
Chichén Itzá blei teken med på UNESCO si liste over verdsarv i 1988. I 2007 blei El Castillo på staden utnemnd til eit av dei sju nye underverka i verda etter ei verdsomspennande avstemming.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- El Caracol, observatorium ved Chichen Itza
- Krigartempelet n 1986 - Tempelet med dei store borda, like til venstre, var ikkje restaurert då
- Steinring 9 meter over bakken på den store ballspelstaden
- Kukulcán-pyramiden
- Mosaikkmaske på vestsida av La Iglesia
- Mosaikkmaske
- Las Monjas (Chichen Itza) måla i 1843 av Frederick Catherwood.[2]

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Agencia EFE, S.A.. Madrid, Spanien, 29. juni 2007: "Chichén Itzá podría duplicar visitantes en 5 años si es declarada maravilla." ("Hvis Chichen Itza udnævnes til et vidunder, kan besøgstallet i løbet af 5 år blive fordoblet.") Kilden til besøgstallet oplyses som Francisco López Mena, leder af Consejo de Promoción Turística de México (CPTM).
- ↑ «Las Monjas, Chichen Itza, Yucatan». Brooklyn Museum. 1843.
- Denne artikkelen bygger på «Chichen Itza» frå Wikipedia på dansk, den 29. desember 2022.