Hopp til innhald

Chiclana de la Frontera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chiclana de la Frontera
by
Våpenskjold
Land  Spania
Region Andalucía
Provins Cádiz
Høgd 21 m
Areal 205,45 km²
Folketal 89 794 (2024)
Postnummer 11130
Kart
Chiclana de la Frontera
36°25′00″N 6°09′00″W / 36.416666666667°N 6.15°W / 36.416666666667; -6.15
Wikimedia Commons: Chiclana de la Frontera

Chiclana de la Frontera er ein by sørvest i Spania, i provinsen Cádiz ved Cádizbukta. Området er frodig med mykje jordbruk og vingardar. Han ligg om lag 8 km nord for slagmarka under slaget ved Barrosa der Sir Thomas Graham (Lord Lynedoch) slo franskmennene under marskalk Victor, den 5. mars 1811.

Dei siste ti åra har Chiclana vorte eit viktig turist- og naturområde. Delar av byen er ein del av Cádizbukta naturpark og ein finn forskjellige økosystem som landsby, furuskog, myrområde og strender. Om lag 6 km frå sentrum av byen ligg Novo Sancti Petri, ein turiststad med mange hotell og fasilitetar.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Chiclana de la Frontera