Chideock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chideock
landsby
Land  England
Fylke Dorset
Kommune Chideock
Kart
Chideock
50°43′59″N 2°49′05″W / 50.733°N 2.818°W / 50.733; -2.818
Wikimedia Commons: Chideock

Chideock (uttalt /ˈɪdək/) er ein landsby og eit civil parish sørvest i Dorset i England. Han ligg i nærleiken av Den engelske kanalen mellom Bridport og Lyme Regis. I 2013 rekna Dorset County Council med at parishet hadde 550 innbyggjarar.

Landbruk og turisme er dei viktigaste nøringsvegane i Chideock. Delar av verdsarvområdet Jurassic Coast ligg innanfor parishgrensene.

Landsbyen har historisk hatt ein sterk katolsk tradisjon. Seint på 1500-talet blei fire menn frå Chideock avretta for trua si; dei blei kjende som Chideock-martyrane. Det er sett opp eit minnesmerke for dei i landsbyen.

Hovudvegen A35 går gjennom landsbyen, slik at hovudgata kan ha mykje trafikk.

Geography[endre | endre wikiteksten]

Chideock frå Quarry Hill

Chideock ligg rundt 2,5 mile (4,0 km) vest for Bridport, 5 mile (8,0 km) aust for Lyme Regis og 0,75 mile (1,21 km) inn i landet frå den engelske kanalen. Chideock parish omfattar den vesle busetnaden Seatown, som ligg under 1 mile (1,6 km) i sør. Ved Seatown ligg ein lang småsteinsstrand med utsyn opp mot Golden Cap, som med ei høgd på 191 meter (627 ft) er den høgaste klippa på søraustkysten av England. Ein kan ofte finna fossil av ammonittar og belemnittar på stranda på grunn av pågåande kysterosjon av dei mjuke leiretypane i klippene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Inngangen til Chideock Manor
Den katolske kyrkja Our Lady Queen of Martyrs, and St Ignatius

Chideock er nedteikna i Domesday Book frå 1086 som Cidihoc.[1] I 1379–80 bygde føydalherren John de Chideock ei borg, Chideock Castle, like nord for landsbyen.[1][2][3] I løpet av mellomalderen blei familien Arundell nye eigarar. Dei var katolikkar, og etter reformasjonen i England brukte dei eigedommen som tilfluktsstad for prestar og andre forfølgde katolikkar.[3] Under det protestantiske styret til Elisabet I blei Arundell-eigedommen hovudsenteret for katolisisme i Dorset,[4] og det fann stad ein god del religiøs strid på staden.[1] Fire lokale katolikkar — presten |John Cornelius, Thomas Bosgrave, John Carey og Patrick Salmon[3] — blei martyrar for trua seint på 1500-talet. Dei blei stilte for retten i hovudsalenn av det noverande Chideock House Hotel og avretta i Dorchester. Dei blei kjende som Chideock-martyrane.[1][3] Ein femte mann, Hugh Green, som blei kapellan i Chideock i 1612, blei avretta i 1642. Alle fem blei saligkåra 15. desember 1929.[3]

Under den engelske borgarkrigen var Chideock alliert med rojalistane,[3] og borga blei kjempa om før det til slutt blei øydelagd i 1645 av parliamentariske styrkar under guvernøren av Lyme Regis, Colonel Ceeley.[1][2][3] Delar av borget stod til minst 1733,[2] men berre noko er synleg i dag. Det finst òg eit krusifiks her til minne om martyrane.[1][2]

I 1802 kjøpte familien Weld frå Lulworth Castle eigedommen, og bygde Chideock Manor i 1810.[1] Denne familien var òg katolikkar, og i 1870-2 utforma og reiste Charles Weld dne katolske kyrkja i landsbyen i ein uvanleg nyromansk stil. Kyrkja er vigd «Our Lady Queen of Martyrs, and St Ignatius».[1][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Roland Gant (1980). Dorset Villages. Robert Hale Ltd. s. 122–3. ISBN 0-7091-8135-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Reginald J W Hammond (1979). Dorset Coast (4 utg.). Ward Lock Ltd. s. 36–7. ISBN 0-7063-5494-X. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Peter Booton (May 2012). «Booton Foot Trails: Chideock, Golden Cap and Seatown». Dorset Life Magazine. Henta 22 January 2014. 
  4. J.H. Bettey (1974). Dorset. David & Charles. s. 99. ISBN 0-7153-6371-9. 
  5. «History - Chideock Martyrs Church». Henta 25. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Chideock