Chiemsee
Utsjånad
| Chiemsee | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Tilsig | Tiroler Achen og Prien | ||
| Utløp | Alz | ||
| Høgd over havet | 518 moh. | ||
| Areal | 79,9 km² | ||
| Største djupn | 73 m | ||
| Volum | 2 048 millionar m³ | ||
| Kystlengd1 | 63,96 km | ||
| Koordinatar | 47°53′24″N 12°28′12″E / 47.89000°N 12.47000°E | ||
![]() Chiemsee 47°53′N 12°28′E / 47.89°N 12.47°E | |||
| Wikimedia Commons: Chiemsee (lake) | |||
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Chiemsee er ein innsjø i Bayern i Tyskland mellom byane Rosenheim og Salzburg. Han vart stundom kalla «Den bayerske sjøen». Chiemsee får vatn frå elvane Tiroler Achen og Prien, medan vatnet renn vidare ut i Alz. Chiemsee er delt inn i ein større, nordleg del i nordaust kalla Weitsee og Inselsee i sørvest.
Området rundt Chiemsee vert kalla Chiemgau og er ein kjend feriestad.
Chiemsee er òg namnet på eit tysk sportsklesmerke.
Herrenchiemsee, Frauenchiemsee og «Krautinsel»
[endre | endre wikiteksten]Dei to største øyane i Chiemsee er Herrenchiemsee (den største) og Frauenchiemsee, òg kalla Herreninsel og Fraueninsel. Ei tredje og mindre øy heiter Krautinsel, og ho er ikkje busett.
- På Herrenchiemsee står det mellom anna eit slott bygd av Kong Ludvig II i 1878, som òg heiter Herrenchiemsee. Dette slottet vart aldri gjort ferdig, og det var meininga at det skulle vere ein kopi av Versailles i Frankrike. Mange av dei meir interssante romma i slottet er open for turistar, og slottet og området rundt er open heile sommaren.
- Frauenchiemsee er den mindre av dei to største øyane og huser eit benediktinarnonnekloster (bygd i 782) i tillegg til ein liten landsby. Nonnene lagar ein likør kalla Klosterlikör.
Bortsett frå dei største øyane finn ein i tillegg tre småøyar:
- Schalch vest for Frauenchiemsee
- to holmar utan namn, som ligg 54 og 80 meter sør for Krautinsel med eit areal på 30 m² kvar.
- Chiemsee
- Fraueninsel om vinteren
- Fraueninsel med nonneklosteret
- Schalch
- Herreninsel
- Chiemsee om vinteren
- Chiemsee om hausten
- Chiemsee om sommaren
- Utsyn frå Alpane
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Chiemsee frå Engelsk Wikipedia .
