Chiharu Igaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chiharu Igaya

Statsborgarskap Japan
Fødd 20. mai 1931 (92 år)
Tomari
Yrke alpinist
Språk japansk, engelsk
Høgd 166 centimeter
Medlem av Den internasjonale olympiske komitéen
Far Kunio Igaya
Chiharu Igaya på Commons

Chiharu Igaya (fødd 20. mai 1931) er ein japansk tidlegare alpinist som vann OL-sølv i 1956 og VM-bronse i 1958, begge medaljane i slalåm. Han var den fyrste alpinisten frå Asia som hevda seg i verdstoppen. Igaya har vore medlem av Den internasjonale olympiske komitéen frå 1982, sidan 2005 har han vore ein av visepresidentane.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Igaya, som vart fødd i landsbyen Tomari på Hokkaido, byrja satse på skisport medan han studerte ved Dartmouth College i delstaten New Hampshire i USA, der den tidlegare verdsmeisteren Walter Prager var trenaren hans. I 1952 deltok Igaya for fyrste gong i Vinter-OL, og vart nummer elleve i slalåmtevlinga i Rødkleiva.

Vinteren 1954 vann han slalåmtevlinga og kombinasjonen under den opne amerikanske meisterskapen. Ved dei olympiske leikane i Cortina d'Ampezzo i 1956 rann han inn til sølvmedalje i slalåm, slått einast av OL-kongen Toni Sailer.

Under VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein i Austerrike tok Igaya bronsemedaljen i slalåm, og kom på sjetteplass i storslalåm og fjerde i kombinasjonen. I 1960 vann Igaya sin siste meistertittel i den amerikanske meisterskapen. Same sesongen vart han nummer tolv i slalåm under OL i Squaw Valley i California. Deretter la han opp som aktiv alpinist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Chiharu Igaya – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.