Childe Hassam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Childe Hassam
Hovudgata i regnet, 1917

Frederick Childe Hassam (17. oktober 185927. august 1935) var ein USA-amerikansk impresjonist-målar, ein av dei fyrste nord-amerikanske kunstnarane som måla i ein impresjonistisk stil.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hassam var fødd i den dåverande småbyen Dorchester (seinare ein bydel i Boston) i delstaten Massachusetts. I unge år arbeidde han med tresnitt og etablerte seg som illustratør for tidsskrift som Century Magazine, Harper's Magazine og Scribner's Magazine. I 1878 gjekk han på ein kveldsskule arrangert av Boston Arts Club og Lowell Institute. Der laga han sine fyrste landskapsmåleri i ein naturalistisk stil, med motiv frå Boston og nærområda. Hans fyrste måleriutstilling fann stad i 1882, og han fekk seld sine fyrste bilete.

Sommaren 1883 reiste Hassam på sin fyrste tur til Europa. Han besøkte både Italia, Frankrike, Nederland, Spania og Storbritannia. Særleg let han seg inspirere av William Turner sine akvarellar. I 1884 stilte Hassam i Boston ut 67 akvarellar, laga under og etter Europa-reisa.

I New York såg Hassam i 1886 utstillinga med verk av dei franske impresjonistane. Allereie same året reiste han til Paris. Han vart verande i byen dei neste tre åra, der han studerte ved Académie Julian. År 1887 stilte han ut bilete på Paris-Salongen for fyrste gong. To år seinare fekk han med verk til verdsutstillinga i Paris, og vart prisa med ein bronsemedalje. Same året, 1889, reiste han tilbake til USA og slo seg ned i New York.

Washington Arch, vår, ca 1893

Hassam var ein av dei aller fremste av dei nord-amerikanske impresjonistane. I 1897 braut han ut av kunstnarorganisasjonen Society of American Artists. Saman med John Henry Twachtman og Julian Alden Weir skipa han den nye kunstnarforeininga «Ten American Painters», til dagleg kalla «The Ten». Både Hassam sine bymotiv, som Washington Square og Fifth Avenue, og hans landskapsbilete, som Gloucester og andre motiv, var ettertrakta hos publikum.

Gjennom livet la han ut på nye, lengre reiser til Europa og innanlands i USA. I 1916 byrja han å lage ein serie bilete med USA sitt flagg som motiv. Til grunn for dette prosjektet var hans engasjement for at USA skulle gå inn på alliert side i verdskrigen som rasa i Europa.

Frå 1919 budde Hassam i East Hampton på Long Island i New York, og der døydde han i 1935.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]